Ho har jobba på Barneklinikken i Bergen i tjue år, fortel ho, mens ho fører oss bortover ein av dei lange og smale korridorane i den over femti år gamle bygningen. Eit betre tilbod til dei yngste pasientane i Helse Bergen har dei venta på i mange år. No kan ventetida snart vere over.

Utanfor vindauget står triste, grå Moelvenbrakker, stabla i høgda. Dette er overnattingstilbodet til foreldre og pårørande som ønskjer å bu nær barna som er pasientar ved Barneklinikken.

— Vi kallar det Huset i Hagen. Det høyrest litt koselegare ut, og vi prøver bevisst å pynte litt på det. Men det er jo Moelvenbrakker. Ikkje meir å seie om den saka, konstaterer Buestad.

— Draumen er at foreldre kan få bu på rom med bad og gang og eit lite opphaldsrom medan dei er her, helst saman med barna. Privatliv er noko dei treng, dei som er her mykje.

Ein trong, liten krok til høgre i korridoren blir maksimalt utnytta. Frå veggen kikkar Tobias i tårnet ned på leikande barn, og på foreldre som har benka seg langs veggen. Inst mot vindauget står eit stort, ovalt spisebord. Desse få kvadratmetrane må gjere nytte både som opphaldsrom, venterom, spiserom og leikerom.

— Til tider er det veldig trongt her, det burde vore mykje større, sukkar mor Merete Kronheim, som sit med vesle Sofie (1) på fanget.

— Vi synest jo dette er luksus. Vi er veldig glade for denne kroken. Før hadde vi ikkje dette eingong, seier Buestad.

Ei rekkje foreldrerom med tv og kjøkken, samt tre husvære på 35 kvadratmeter er planlagt i det nye senteret. Det skal også ha rom for leiketerapi, klasserom og ungdomsrom, blant mykje anna.

— Det er sånn vi vil ha det. Og det er sånn barn og unge som må vere på sjukehus må få det, meiner klinikksjef Robert Bjerknes.

— Planane for det nye senteret er nøkterne og gjennomtenkte. Det skal meir til for at barn og unge blir innlagde på sjukehus i dag, og derfor er også dei som ligg her sjukare. Behovet for trivselstiltak er langt større for desse pasientane, enn dei som berre er innom til poliklinisk behandling og kan reise igjen.