Men alle som reknar tid om i pengar, vil ha stor nytte av å køyra på firefelts veg gjennom fjellet frå Rådal til Svegatjørn. Vegen er planlagt for køyring i 100 kilometer i timen.

Fylkeskommunen har handsama politisk konsekvensutgreiinga og forslaget til reguleringsplanar i Os og Bergen. Dei er nøgde med det dei har sett. Det same er Bergen kommune, der byrådet såg på saka måndag 13. mars. Dersom reguleringsplanane vert godkjende i 2006, reknar Statens vegvesen med at arbeidet kan ta til i 2008. Då vil nyvegen vera ferdig i 2012.

2090 millionar kroner skal det kosta. Staten og trafikantane delar rekninga mellom seg. Bommane vert sette opp på nyvegen, men og på Fanafjellet og på Kalandseid. Dei som vil køyra gratis mellom Os og Bergen dei 15 åra med bompengar, kan ta vegen over Gullbotn.

Lettare ved Nesttun

Bompengane på den nye vegen er rekna til rundt 18 kroner full takst for personbil. Så vert det rabattordningar om lag som i Bompengeringen. Statens vegvesen trur trafikken gjennom tunnelen vil liggja på 7.000 bilar i 2015. Dette vil auka trafikkpresset i Rådalen, men letta trykket over Vallaheiane og i kryssområdet ved Nesttun. Utan ny veg vil trafikken over Vallaheiane vera 11.000 bilar i 2015. Med ny tunnel og bompengar minkar trafikken til mellom 5.000 og 6000 bilar, ifølgje prognosane.

Best er og billegast

På mange vegprosjekt er det gjerne slik at det trasévalet som er best for miljø, natur og landskap gjerne også er det dyraste. Det ser ut til å vera tilfelle til dømes på Jondalstunnelen.

Men mellom Bergen og Os har Statens vegvesen kome fram til at det mest miljøvenlege alternativet også er det billegaste.

Ein viktig grunn til dette, er overgangen ved Hamre, den vesle grenda som ligg mellom Kalandsvatnet og Klokkarvatnet i Fana. I dei opphavlege planane for vegsambandet Rådal-Svegatjørn var det viadukt over Hamre-bygda. Dei som bur der har slost lenge mot dette og vunne fram politisk i Bergen kommune.

Ny veg til Lysekloster

No syner vegvesenet sitt materiale at det faktisk også er billegare å gå under Hamre-grenda i tunnel. Skilnaden er 55 millionar kroner. Men dermed må bilistane også finna seg i ein tunnel på 9,3 kilometer, som er nesten fem gonger Løvstakktunnelen.

I sør endar den lange tunnelen i Endelausmarka, og bryt dermed inn i eit skoglandskap der stilla har rådd så langt. Der går det med mykje areal til eit kryss med avkøyrsle mot Lysekloster. Den tilknytinga vil venteleg spara Fanafjellet for mykje trafikk. Kryssområdet i Endelausmarka skal og utnyttast som næringsareal av Os kommune.

Blokkerer visjonar

På heile den lange strekninga frå Rådal til Endelausmarka er det ingen tilkomst frå sidevegar. Under planlegginga av traséen, sist på 90-talet, ville Statens vegvesen ha ein opning ut mot Søfteland. Dette stranda på sterk politisk motstand i Os, der kommunestyret nesten samrøystes sa nei. Miljøverndepartementet avgjorde saka.

Departementets nei til opning mot Søfteland kan for mange generasjonar framover blokkera visjonane om eit meir direkte og innkorta samband Bergen-Austlandet over Samnangerfjorden, via Strandebarn og Jondalstunnelen.

Det kan og bety endeleg nei til den kortaste ferjefrie stamvegen mellom Bergen og Stord via Eikelandsosen og Lukksund bru. Ferjene frå Halhjem må vi nok leva med lenge. Men frå neste år går dei mykje fortare. Og frå 2012 vert vegen til ferja både kortare og snøggare.