Opninga skjer måndag 10. desember klokka 13.

— Me har vore heldige og fått samferdselsminister Marit Arnstad til å stå for sjølve opninga, opplyser kommunikasjonsrådgivar Ole Kristian Åset i Statens vegvesen.

Erstattar dårleg veg

Den nye vegen er på strekninga Torvund–Teigen i Høyanger kommune, mellom ferjeleiet Lavik og Vadheim. Vegen erstattar ein del av E39 som i dag har for dårleg standard når det gjeld breidde, stigning og kurvatur.

Gamlevegen manglar stader for forbikøyring og strekninga har mange dårlege avkøyrsler.

Arbeidet med vegen starta opp i januar 2010, medan det var full anleggsdrift frå sommaren same år. I anleggsperioden har det vore delvis stengt veg og omkøyringar.

5,3 kilometer

Det er bygd 5300 meter ny veg, der 2600 meter går i tunnel (Noreviktunnelen). Samla lengde på nye adkomstvegar er 910 m, gangveg 250 m og private vegar 1160 m.

Det nye vegstrekket fører til at E39 vert 960 meter kortare. Prosjektet har ein kostnad på 371 millionar kroner (2011).