Ein markant nedgang i netto utflytting frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er den største endringa i flyttemønsteret i 2009.

Dei siste 30 åra har mellom 1000-2000 fleire personar flytta frå enn til Vestlandet. I åra 2005-2007 låg netto utflytting på godt over 2000. Men i fjor var talet under 800, melder SSB.

— Dette er ikkje tilfeldig, men resultat av ei bevisst satsing, seier Torill Selsvold Nyborg, fylkesordførar i Hordaland og medlem i Vestlandsrådet.

Folketalet i Hordaland er no 477.000.

— Held vi fram med å vekse som no, nærmar vi oss snart ein halv million.

  • Når får vi hordalending nr. 500.000?
  • Det er ikkje lenge til med denne farten. Om tre-fire år er vi der, spår Nyborg.

Hordaland hadde ei nettoinnflytting på nær 5000 i fjor. Nyborg forklarar den gode trenden med låg arbeidsløyse, attraktive arbeidsplassar og betre infrastruktur. Næringslivet har dessutan blitt langt meir delaktig som samfunnsutviklar, og samarbeidar med vidaregåande skular og høgskular for å utdanne nødvendig kompetanse

— Det har vore ein suksess!

Men sjølv om Odda kan juble over ein liten tilvekst, er det framleis store utfordringar i indre Hardanger.

— Vi håpar å få til ei positiv utvikling også der. Det er mange teikn på det, seier Nyborg og ramsar opp:

Bustadregisteret og mineralvatnprodusenten Isklar, begge i Ullensvang. Jondalstunnelen og Hardangerbrua, begge under bygging. Utbetring av vegar og tunnelar bak Røldal, samt Vossapakken.

— Denne enorme satsinga på infrastruktur meiner vi vil hjelpe Hardanger, seier Nyborg.