Det var søndag ettermiddag at far og son gjekk på fjelltur til Haukånipa i Flora kommune. Undervegs ramla faren utfor ein skrent og slo seg i svime, og guten fekk ikkje kontakt med han. Den snarrådige guten la dermed på sprang nedover mot bilen som stod parkert 450 høgdemeter og fleire kilometers gange unna. Vel nede ved bilen knuste han sideruta, fann mobiltelefonen og fekk varsla lege.

Samtidig hadde faren kome til medvit oppe i fjellet og dessutan trefft andre turgåarar der. Han hadde ikkje fått alvorlege skader, og alle tre kunne gå nedover saman. Dei nådde ned til bilen akkurat idet politi og ambulansepersonell var på veg opp i fjellet, opplyser Oddvar Træen hjå politet i Florø.

Dermed kom han til legebehandling straks, og mannen vart rutinemessig sendt til sjukehus. Skadene begrensa seg til ei lett hjerneristing og nokre småskrammer.