— Dei to stod heilt framme på baugen for å unngå flammane. Dei var vel på tur til å hoppe på sjøen. Det var heilt tett med tjukk, svart røyk, seier 16 år gamle Ruben Oen Torsvik om synet som møtte han då han kom ut til den brennande båten i går ettermiddag.

Båteigaren - ein 51 år gammal mann frå Askøy - hadde nettopp pussa opp den 29 år gamle lystbåten sin og var ute på årets første tur i finveret. Ved Osundet i Hjeltefjorden oppdaga han og den 23 år gamle kameraten som var med at det rauk kraftig frå motorrommet.

— Då dei opna luka var det full fyr. Dei prøvde å sløkke med eit pulverapparat, men lykkast ikkje. Heller ikkje etter at dei hadde tømt pulverapparat nummer to fekk dei kontroll med varmen, seier lensmannsbetjent Tom Paulsen ved Fjell og Sund lensmannskontor.

Frykta eksplosjon

Inne ved land var båt- og fiskeentusiast Ruben Oen Torsvik i ferd med å leggje til ved familiens båthus, etter å sett på land helgas fiskefangst på kaien ved Dalsneset. Plutseleg fekk han sjå at det rauk kraftig frå ein båt 400 meter ute på fjorden.

— Eg køyrde utover til dei med ein gong. Då eg kom fram brende det godt, seier 16-åringen.

Han var først redd for at det var ein bensin-båt og at han skulle eksplodere. Då dei to ropte at det var diesel, gjekk han borttil og fekk tatt dei to om bord.

— Dei bad meg køyre seg derifrå. Eg trur dei var letta over at eg kom, seier 16-åringen.

Fekk ikkje tak i VHF-en

Eit par minutt etter stod heile båten i full fyr.

— Eigaren fortalde at han hadde prøvd å få tak i VHF-en inne i styrehuset for å tilkalle hjelp, men at det var så tett røyk der inne at han ikkje greidde det. Det hadde gått så fort, fortel Oen Torsvik.

Etter å ha berga dei to mennene fekk 16-åringen gjort fast eit tau og slept den brennande båten inn til land. Øygarden brannvesen var varsla, og fekk raskt skumlagt vraket.

— Det såg nokså dramatisk ut då vi kom fram. Båten er heilt utbrent, og eigaren var svært fortvila, seier beredskapsleiar Frode Langeland i Øygarden brannvesen.

Vraket løfta på land

Den heilt nyoppussa båten var ein 27 fots plastbåt frå 1973 av typen «Fjord». Han vart i går ettermiddag løfta på land og køyrd til Kollsnes Næringspark, der politiet skal undersøkje vraket for om mogleg å finne brannårsaken.

— Det er ingen mistanke om noko kriminelt, seier lensmannsbetjent Paulsen.

Båteigaren orka ikkje å snakke med Bergens Tidende i går.

— Han har meir enn nok med seg sjølv og det som har hendt akkurat no. Han har hatt ei forferdeleg skremmande oppleving, seier kona hans til Bergens Tidende.

FULL FYR: Dei to om bord stod klare til å kaste seg på sjøen då Ruben Oen Torsvik kom til og fekk tatt dei over i båten sin. Deretter slepte han den brennande plastbåten til kai.
Foto: Chris Kyllingmark