Marineoffiseren vart fredag fengsla for åtte nye veker av Bergen tingrett. Han hevdar framleis at han ikkje hugsar noko som helst frå drapsdagen 4. mars, og nektar for å ha hatt med drapet på Ingse Merete Rønnestad å gjere.

Politiet stiller seg sterkt tvilande til at alt som hende denne dagen er borte frå minnet til 39-åringen.

— To vitne var i kontakt med han kort tid før drapet. Då var han høgst oppegåande og kommuniserte greitt, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold.

Dei to sentrale vitneavhøyra er blant dei politidokumenta som 39-åringen ikkje har tilgang til. Forsvarar Brynjar Meling har fått kopiar, mot lovnad om teieplikt overfor klienten sin. Han kunne difor heller ikkje kommentere Krogvolds opplysingar fredag.