Marineoffiseren vart fredag fengsla for åtte nye veker av Bergen tingrett. Han hevdar framleis at han ikkje hugsar noko som helst frå drapsdagen 4. mars, og nektar for å ha hatt med drapet på Ingse Merete Rønnestad å gjere.

Politiet stiller seg sterkt tvilande til at alt som hende denne dagen er borte frå minnet til 39-åringen.

— To vitne var i kontakt med han kort tid før drapet. Då var han høgst oppegåande og kommuniserte greitt, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold.

Dei to sentrale vitneavhøyra er blant dei politidokumenta 39-åringen ikkje har tilgang til. Forsvarar Brynjar Meling har fått kopiar, mot lovnad om teieplikt overfor klienten sin. Han kunne difor heller ikkje kommentere Krogvolds opplysingar.

Psykiatrisk vurdering

Det sentrale spørsmålet i saka mot eksmannen blir nå utfallet av den rettspsykiatriske undersøkinga han skal gjennom. Psykiatrane Jon Geir Høyersten og Siri Nome har frist på seg fram til 18. juni med å leggje fram sin rapport.

Sjølv hevdar eksmannen at han ved hjelp av ein penn og ei papirtavle kan reinvaske seg på få minutt.

— I så fall hadde det vore fint om han hadde vore villig til å forklare seg for politiet. Men han vil ikkje kommunisere med oss i det heile tatt, seier politiinspektør Krogvold.

Ikkje spor av krut

Politiet er heilt sikre på at dei har tatt drapsmannen. Det er særleg blod frå Rønnestad, funne på framskjermen til offiserens bil, som knyter han til drapet. Det vart også funne ein parkeringsbillett frå Citypark i bukselomma hans, stempla få minutt før drapet skjedde.

Det vart ikkje funne avsetningar av krutslam på 39-åringen då han vart tatt i Aurland på ettermiddagen drapsdagen. På ein person som har avfyrt fleire skot med ein revolver eller pistol vil det normalt sett gå an å finne slike spor. Men politiet meiner ikkje dette betyr at eksmannen ikkje kan ha avfyrt skota.

— Eit bytte av jakke og ein grundig handvask vil vere nok til å fjerne desse avsetningane, seier politiinspektør Krogvold.

Marineoffiseren påkjærte avgjerda om forlenga fengsling på staden.