Politiet kom straks til staden og pågreip dei tre ungdomane. Dei to yngste blei dimittert etter avhøyr, og den eldste blei kjørt heim. Kort tid etter at 15-åringen og 19-åringen blei slept fri, gjekk dei til angrep på to 14-åringar som kom med bussen på Straume.

Lensmannsbetjent på Fjell og Sund lensmannskontor, Gustav Landro, seier til Kystradioen at han er skræmd over det ungdomane gjorde i går kveld. Ungdomane har fleire saker på seg frå før.