Målet er raudåte — calamus finnmarchicisus - krepsearten som er føde for torsk, sei, sild, makrell, kolmule og hyse. Utan raudåte, ikkje noko fiske.

Middelet er G.O. Sars, eit nytt forskingsfarty til nesten ein halv milliard kroner fullstappa med topp moderne elektronikk.

— Det eg ønskjer meg aller mest, er at vi kan måle calamus finnmarchicisus på same måten som vi kan måle fiskebestanden., seier Svein Sundby, oseanograf og seniorforskar ved Havforskningsinstituttet.

Nye tider

Det er nye tider i havforskinga.

Dette er ute: Å telje kvart fiskeslag for seg, og rekne på kor hardt fiske som er forsvarleg, som om denne fisken er den einaste i verda.

Dette er inne: Å finne ut korleis svingingane i ein art påverkar svingingane i ein annan. Å vurdere verknaden av svingingar i klimatilhøve, som for eksempel temperaturen.

Stikkord for den nye tida: Økosystembasert fiskeriforvaltning. Ting heng saman, og målet er å finne samanhengen for å lage meir treffsikre spådommar i fiskeriforvaltninga.

Heile Havforskningsinstituttet vert omorganisert for å tilpasse seg den nye måten å jobbe på.

Startar med grunnmuren

Raudåte er sjølve grunnmuren i økosystemet. Frå iskalde djup i Norskehavet stig den kvar vår opp frå vinterdvalen for å gyte. Derifrå driv egg og yngel nordover og inn i Barentshavet, sørover inn i Nordsjøen og austover inn mot norskekysten.

— Dette er det dyreplanktonet som er næringsorganisme for dei aller fleste viktige fiskebestandar, seier Sundby.

Med det nye regimet på Havforskningsinstituttet er telling av raudåte midt i blinken. Går det bra for raudåta, blir det fullt i matfatet til fisken.

Men kor mykje er det av den der ute?

Det er ein jobb for Aslak Ona, professor i undervassakustikk

Småstilt teljeapparat

Får Ona ekkoloddet nært nok, kan han telje ei og ei raudåte.

— Vi kan sjå, og vi har gjort innleiande forsøk på å mengdemåle raudåte, seier Ona.

Ekkoloddet er eit apparat som oppdagar fisk ved å sende ut lydbølgjer og registrere ekkoet som kjem tilbake.

Medan ein liten hobbyfiskar har eit lite ekkolodd med ein frekvens på ekkoloddet, og ein kostbar fiskebåt kanskje heile fire, har Ona seks frekvensar om bord i G.O. Sars. Til 400.000 kroner pr. stykk. Dess fleire frekvensar dess fleire ulike organismar kan oppdagast og identifiserast.

Det norske selskapet Simrad har utvikla ekkoloddet i samarbeid med havforskningsmiljøet i Bergen.

Det som byrja på 30-talet som eit apparat for å måle djupn og oppdage ubåtar, er utvikla til eit finstilt instrument som no kan brukast til å telje dyreplankton.

Som ein atomubåt

Raudåta let seg ikkje skremme av ein båt som buldrar på overflata. Men det gjer fisken. Havforskarane ville ha ein smygjeger som ikkje forstyrrar fisken dei skal telje. Difor er propellane på nye G.O. Sars drivne av likestraums motorar for få minimale vibrasjonar og støy frå skroget. Elektrisiteten kjem frå dieselmotorar, montert med to sett demping for å hindre vibrasjonar.

Dette er ubåtteknologi. Nye G.O. Sars støyar berre ein hundrepart så mykje som tidlegare forskingsfarty. Eit tipp-topp cruisefarty bråkar 30 gongar meir enn G.O. Sars. Her kan du stå rett over motorrommet og føre ein dempa samtale.

NY LINJE: Havforskningsinstituttet satsar på å kartlegge samspelet mellom miljø og ulike artar i havet. Det er slutt på å studere kvar art for seg. Nye "G. O. Sars" blir eit viktig middel for å gjennomføre omlegginga i forskninga.