Dette har den 32-årige irakiske kurdaren som kom til skade i ulukka forklart i politiavhøyr. Mannen er sikta for grove brot på toll-lova og vegtrafikklova.

Men da politiet framstilte mannen for varetekt fredag, trakk han forklaringa tilbake, og politiet fekk ikkje medhald i sitt krav om fengsling i fire veker.

— Det er nærast ubegripeleg at vi ikkje fekk fengsla mannen. Han har ikkje opphaldsløyve i landet, og UDI vil vurdere om han skal varig utvisast frå landet, seier politiadvokat Terje Gjertsen til bt.no.

— Vi vil gjerne ha han i forvaring til dette er avklara, og har påkjært tingrettens avgjerd til langmannsretten.

Rutinegransking

Dermed må kurdaren sitje i varetekt fram til lagmannsretten har sagt sitt, truleg i løpet av mandag eller tirsdag.

Det var onsdag formiddag at mannen kjørte ein eldre Mercedes på veg vestover Filefjell. Han har truleg sovna bak rattet, og kjørte utfor på ei rett strekning like etter å ha passert fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Bilen trilla rundt på taket, og er ifølgje politiet for vrak å rekne.

Men det var da politiet skulle granske ulukkesbilen nærare at dei fekk den heilt store overraskinga.

Møte på bystasjonen

Der fann dei 400 kartongar a 200 russiske sigarettar, pakka i ein stor nylonbag og bossekker.

På dette tidspunktet hadde ambulansehelikopteret allerereie frakta føraren til sjukehus i Førde, der han seinare vart avhøyrt av politiet.

I politiavhøyra opplyste mannen at han hadde eit reint transportoppdrag, og var på veg med lånt bil til bystasjonen i Bergen med dei russiskproduserte sigarettane av merket L&M. Her skulle ein ukjent person møte han for å overta partiet.

Denne forklaringa trakk han tilbake då han vart framstilt for fengsling dagen etter. No skal altså lagmannsretten avgjere om politiet får halde mannen bak lås og slå fram til saka er avgjort.