I staden for å kaste pallen med tysk smuglar-øl som vart oppdaga i ein trailer i Måløy i november i fjor, tok Broberg avgjerda om å gje vekk ølet til sjukeheimane i Vågsøy kommune i Nordfjord.

— Alternativet var å kaste ølet, men vi fann ut at i dette høvet passa det fint å gje det til aldersheimane i kommunen. 2000 boksar var nok til at alle på fleire aldersheimar kunne få, seier Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Kvifor akkurat aldersheimane?

— Eg kan ikkje sjå at det skulle vere andre alternativ, seier Broberg.

Og dei som bur på dei ulike sjukeheimane i kommunen i ytre Nordfjord koste seg med dei tyske dropane.

Lystig stemning

— Stemninga var litt lystigare enn vanleg søndag, men det var ikkje noko overstadig. Gåva vart veldig godt motteken, seier Tone Holvik, styrar ved Vågsøy aldersheim.

Ho tykte det var kjekt for dei eldre at dei fekk kose seg med øl til søndagsmiddagen.

— Det er vanskeleg for mange av dei som bur på aldersheim å få tak i alkohol. Det er ikkje noko som ligg inne i kosten her. Det betyr at dei må ha familie eller vener til å kjøpe det for seg, seier Holvik, som reknar med at ølet dei fekk vil rekke til endå ein søndagsmiddag.

Sjukeheimen har aldri tidlegare fått alkohol av politiet, men ved eit par høve har dei fått hjort som er påkøyrd av bil.

«Inga ny linje»

Og politiet kan ikkje love dei eldre at det vil bli fleire spesielle søndagar i tida framover. Broberg understrekar at politiet på ingen måte har ei ny linje på kva dei gjer med smuglarvarer.

ý Nei, dette vil framleis bli vurdert frå sak til sak. Når vi tykkjer det passar, så gjev vi gjerne vekk smuglarvarer igjen, men mykje vil framleis bli øydelagt. Dette var eit unntak frå hovudregelen. Sprit frå den same traileren vart mellom anna destruert, seier Broberg.

Han har aldri tidlegare vore med på å gje vekk smuglarvarer til institusjonar eller andre.

— Men eg har høyrt om at det har vore gjort i andre delar av landet. I vårt eige fylke veit eg dessutan at fisk har vore gitt vekk etter lakseoppsyn, seier Broberg.

Han har berre fått positive tilbakemeldingar på det uvanlege tiltaket.

— Vi har høyrt at det har vore til glede for dei eldre. Det var ein hyggjeleg og god måte å bli kvitt varene på, seier Broberg.

GLADE FOR GÅVA: Syskenparet Martin(tv) og Signe Refvik koste seg med smuglar-øl til middagen på Vågsøy aldersheim søndag. – Eg er imot alkohol og fyll i alle former, men det går an med eit halvt glas øl til middag, sa Signe til Fjordenes Tidende søndag.<p/> FOTO: FJORDENES TIDENDE