Tobakksmuglinga over russargrensa i Finnmark skjedde 23. februar i år. 176.200 sigarettar som ville gje staten eit avgiftstap på 416.900 kroner blei oppdaga i ein russiskregistrert varebil i Fitjar.

880 sigarettpakkar var plassert rundt om kring i bilkarosseriet. Turen til Noreg var kamuflert som ein transport av fiskeemballasje til Kristiansund.

Seks mann blei sikta i smuglingssaka, som ifølgje politiet har ein mann frå Sogn og Fjordane i hovudrolla.

I alt tre russarar får sakene sine opp til rask handsaming i Sunnhordland tingrett. Den 29 år gamle bedriftsleiaren frå Murmansk la alle kort på bordet for politiet. Smuglinga var nøye planlagt, og det var 29-åringen som skaffa skalkeskjul i form av fiskeemballasje. Mannen får fråtrekk i straffa for 15 dagar i varetekt.

Politiet held fram etterforskinga av Fitjar-mannen som var mottakar av smuglarpartiet.