Medan andre trugar med å knusa bein, har ein harding sendt tekstmelding på mobiltelefon der han truga med å «knuse kvart ledd i din kropp».

«Du må berre visa dette til politiet», utfordra avsendaren, og skreiv vidare at «du må sjå deg over skuldra».

Mottakaren tok oppmodinga på alvor, og viste meldinga til politiet.

Dei reagerte med ei bot på 4000 kroner, som ein angrande SMS-sendar alt har betalt.