— Å gifte seg er heilt genialt - då får du sånne ting som denne; blender-beist! kvitrar humoristen og songfuglen Yvonne Algrøy, og romsterer frukt i gapet på brudlaupsgåve-beistet.

Vi er heime på terrassen hos mamma Bjørg (og pappa Hugo, men han er på jobb), på Foldnes på Sotra. Godt gamalt strileland.

Yvonne Algrøy har innteke barndomsheimen for å lage smoothies ; vitaminrike sommardrikkar med bær, frukt og ymse anna.

— Eg er litt sur for at vi ikkje har funne eit godt norsk ord for smoothies. Glattis, kanskje? funderer ho, så kiwibitane skvett.

Rips i alt

Tanteborna Line (9) og Sølvi (12) Algrøy Sævold frå Fana fylgjer interessert med. Mormor Bjørg kjem med kaffi, og i vogna pludrar Alvin (6 månader), Yvonne og ektemannen Sigve Prestnes sin fyrstefødde.

Vi køyrer alkoholfritt. Ein blender kan som mange har funne ut, også brukast til skikkelege partydrinkar, men ikkje i dag.

— Alle strilesmoothies ha rips i seg! Gjerne frosne bær rett frå frysen, eller ein kan ha isbitar oppi, forklarar Yvonne pedagogisk, på tv-kokk-vis.

Ripsen kjem frå hagen her på Foldnes.

— I fjor laga eg solbærsaft også. Den vart sååå bra! Vanlegvis lagar eg mest syltetøy, skryt ho.

— Var Yvonne like flink til å plukke hagebær då ho var lita? spør vi mamma Bjørg.

— Nei! Ho var ikkje flink til å plukke bær då ho var lita! Ho brukte å lure seg unna, skulde på høysnue og alt , avslører mamma, og får raskt den prektige sylte-og-safte-husmora frå byen ned på jorda igjen.

Høgsesong for blanding

Men Yvonne Algrøy har ein liten bærhage på Gyldenpris i Bergen også, der ho bur med mann og barn.

— Så når det er fint ver, lagar eg alltid noko blendermoro. Høgsesong er det rundt gebursdagen min, 1. august. Eg byrja faktisk å blande alt mogleg med ein gong eg vart gift, fortel ho, og så er det klart for å sette beistet i arbeid.

— Trur vi startar i tre-tiandedels-takt, opplyser den rutinerte blendareigaren.

Brrrrrrrrrr - småfuglane skvett forskremde til nabokommunen, og vips ... ferdig!

— For en spebarnsmor, er det såååå praktisk! skvaldrar kokken i godlag på tøyse-bymål, og erklærer smoothie'en for å vere ein «Kong Råne». (Vi er som sagt på Sotra).

Tanteborna er testpanel.

— Godt! synest både Line og Sølvi, og forsikrar at dei snakkar sant.

— Mmmmm ... den va' god, om eg ska' seia det sjøl! skrålar kokken fornøgd, og går oppildna av suksessen i gong med neste dose.

— Ka' ska' vi lage no - «Rånemor»? Hm ... noko skikkeleg grisete må det bli, mumlar ho, og kastar seg over ein banan.

Saltvasspyse

Vi endar opp med drikken ho døyper «Sutalaus»; banan, juice, yoghurt - og rips. Alltid rips. Korleis skal ein elles få plass i frysen til 2004-avlinga?

— Sprøsteikt makrell. Det er sommarmat også. Når vi er i sommarhuset til svigerfamilien min på Kvitsøy ved Stavanger, fiskar vi masse makrell. Heilt umogleg å stoppe når vi først har byrja. Men det er klart - etter fem makrellmiddagar på rad, vert du litt lei, vedgår ho.

Badar i sjøen gjer ho derimot ikkje, verken på Kvitsøy eller Sotra.

— Nei. Eg er utruleg pysete på saltvatn. Mykje tryggare med ferskvatn; du slepp både å dusje og å få eksem.

Endå er det meir rips igjen.

— Eg plar laga ein ripspai også, med vaniljekrem til. Hadde eigentleg tenkt å lage den til i dag, men eg gadd ikkje. Men du kan godt få oppskrifta!

«KONG RÅNE»:

tropisk juice (ca. 2 dl)

kiwi

litt jordbær

frosne rips

frosen blanding av skogsbær

yoghurt naturell (ca. 2 dl)

«SUTALAUS»:

2 bananar

frosen rips

appelsinjuice

yoghurt naturell (ca. 2 dl)