— Alt er kjøpt inn av matvarer. I morgon skulle betasuppe til 700 personar lagast på dugnad.

Mette Tjosaas er leiar av arrangementskomiteen for haustfesten ved Øystese Ungdomsskule.

— No er vi skuffa og fortvila. Alle eg snakkar med meiner det er overdrive å forby festen, seier ho.

Hundre elevar med foreldre og lærarar har lenge førebudd den store festen på fredag.

Fest etter bitter strid

Øystese Ungdomsskule vart i haust slått saman med Norheimsund Ungdomsskule til Kvam Ungdomsskule etter ein bitter strid.

Dette ville vore den første haustfesten for barn og foreldre frå dei to bygdene.

— Vi var litt spente på korleis oppslutninga ville vera, seier Mette Tjosaas.

— Men 80 prosent av alle inviterte har meldt seg på og det er vi svært glade for.

Dirty Dancing

Elevane har øvd inn musikalen «Dirty Dancing» og var klare med forestilling for 700 foreldre og søsken.

— Vi har øvd og gitt alt, seier Agnethe Vik i 10. klasse.

— No er eg og alle eg har snakka med veldig skuffa. Eg syns kommunelegen overdriv. Eg er i alle fall ikkje redd for influensaen. Blir eg sjuk, så blir eg sjuk.

Rektor Frode Sandven er også skuffa, men han forstår kommunelegen.

— Eg veit ikkje om elevane forstår, men eg skjønar at kommunelegen må ta ei slik avgjerd.

— No er eg spent på kor mykje vi får levera tilbake av maten som er kjøpt inn, legg han til.

Vil bremsa smitten

— Det har vore lite influensa i Kvam, seier kommunelege Arne Aksnes.

— Heilt til slutten av forrige veke. Då vart mange sjuke, særleg i Øystese.

— No må vi prøva å bremsa smitten til vi har fått vaksinert alle i risikogruppene, seier han.

Kommunelegen veit ikkje kor tid han får meir vaksine, men håpar å få vaksinert alle i risikogruppene under 65 år denne veka.

— Over sju hundre kvemmingar tett på kvarandre ein heil kveld, det må vi unngå nett no, seier han tørt.

- Men er det i tråd med nasjonale anbefalingar å avlysa møter på denne måten?

— Nei, men slik eg opplever den lokale situasjonen er det likevel rett å avlysa festen, slår kommunelegen fast.

Utsetjing

— No får vi tenkja oss om og utsetja festen nokre veker, seier rektor Sandven.

I Øystese har haustfest vore arrangert sidan 1987. Overskotet har gått til klassetur for 10. Klasse.

— Vi tar med oss det beste frå begge skulane, seier Sandven.

— Norheimsund Ungdomsskule var gode på elevbedrifter. Det skal også vidareførast.

Rett av kommunelegen å forby festen? Diskuter saka her.