Leo Blom og familien hans har fått merke på kroppen kva det kan føre til når smittevernet ikkje fungerer som det skal på nyfødtavdelinga på Haukeland. I BT tysdag åtvara klinikksjef Robert Bjerknes ved barneklinikken mot at overbelegget og plassmangelen er så stor at det skaper fare for spreiing av infeksjonar.

Det var ein slik infeksjon som ramma Leo og fire andre nyfødde i desember 1999.

— Leo vart fødd sju veker for tidleg, og vart tatt med keisarsnitt. Han vog 2040 gram, og vart overført til nyføddavdelinga rett etter fødselen.

Etter eit par dagar fekk vi beskjed om at fleire av barna på avdelinga hadde vorte sjuke, men at legane ikkje visste kva slags smitte det var snakk om, fortel Øystein Blom, far til Leo.

Kroppen ordna opp sjølv

Vesle Leo vart plassert i eit lite isolat saman med ei anna jente.

— Han viste ikkje teikn på sjukdom, men det var ikkje så kjekt - særleg ikkje før vi fekk vite kva det var som feilte han, seier Blom. Ganske raskt vart det slått fast at det hadde brote ut ein samlomellaepidemi ved avdelinga.

— Vi vart tatt godt vare på, men det var mykje styr med vasking før og etter alle besøk og bruk av spesielle kjortlar når vi var inne hos han, fortel faren.

Etter 14 dagar fekk dei ta med seg Leo heim. Men salmonellabakterien var han ikkje kvitt. To medisinkurar hjalp ikkje.

Først i fjor sommar - eitt og eit halvt år etter fødselen - kunne legane slå fast at Leo ikkje lenger hadde smitten i seg.

— Dei meinte det var hans eige immunforsvar som hadde tatt knekken på bakterien, seier Blom.

Slit fortsatt med diaré

Også Øystein Blom fekk smitten i seg. Til forskjell frå sonen fekk han store problem med diaré og magetrøbbel. Det har han slite med i fleire omgangar etterpå - sjølv om prøvene viser at han ikkje lenger er smitta. Også bestemor til Leo vart sjuk.

— Det har vore eit fæla styr med levering av avføringsprøver og hyppige turar til Haukeland, seier Øystein Blom.

Smitten gjekk også ut over det sosiale livet til familien.

— Ei stund var det tvil om Leo kunne gå i barnehagen. Det var heller ikkje alle vi kunne besøke. Leo har ein jamgammal tremenning like borti her. Henne har vi nesten ikkje sett, fordi vi var redde for smitten, seier 34-åringen.

- Var ikkje førebudde

Hovudpersonen er mest opptatt av den nye tråtraktoren sin og av at han vil i badekaret.

— Han vart aldri sjuk slik som eg og bestemora. Men han veg berre 10 kg. Det er ikkje så mykje for ein toåring. Om det er på grunn av salmonellainfeksjonen veit vi ikkje, seier Blom.

Han kjende seg godt att i beskrivingane i tysdagsavisa av plassmangelen ved nyfødtavdelinga.

— Også den gongen var det veldig trangt. Og det er jo ganske opplagt at dess travlare og trangare dei har det, dess større sjanse er det for at smitte får spreie seg. Det må ha vore ei lang rekkje glippar som gjorde at så mange vart sjuke den gongen. Og vi var på ingen måte førebudde på kva dette kunne føre til. Det trur eg ingen nybakte foreldre er, seier Øystein Blom.

FRISK TIL SLUTT: To medisinkurar greidde ikkje å knekke salmonellabakteriane i kroppen til Leo Blom (2). Til slutt var det hans eige immunforsvar som ordna opp. Også far Øystein vart smitta, medan mor Siriwan unngjekk å bli sjuk.
FOTO: GIDSKE STARK