Akkurat no står 1340 barn i Bergen utan barnehageplass. Mange familiar er fortvilte. Aldri har oppvekstavdelinga i Bergen kommune fått så mange klager før frå fortvilte foreldre.

— Vi er blitt nedringde. Folk er alt frå sinte til oppgitte. Eg trur det må vere omkring tusen telefonar, seier Anne-Marit Presterud, leiar for barnehageseksjonen, til BT.

Også barnehagane merkar trøkket like før sommarferien.

— Ein del foreldre ringer og fortel hjerteskjerande om alt det forferdelege, fortel leiaren i den private bedriftsbarnehagen til Betanien, Synnøve Hysing-Dahl.

— Nokon trur også vi let oss sjarmere av at dei legg ved eit lite bilde av barna i søknaden.

Ville grine seg til plass

Det er ein tidleg morgon, klokka nærmar seg 7.30. Utanfor ein av barnehagane i Bergen står ei ung, desperat mor og ventar på at barnehagen skal opne.

— Eg tenkte: Eg må grine meg til ein plass, fortel «Eva», som ikkje ønskjer å stå fram med namnet sitt i BT.

Ho var fortvilt, fordi ho hadde fått avslag på søknaden om kommunal barnehageplass for sin tre år gamle son. Men så fekk ho nyss om ein ledig plass.

— Derfor stilte eg meg opp framom denne barnehagen, og møtte til slutt styraren. Eg gret ikkje, men hugsar at eg var heilt skjelven i stemma, seier «Eva».

— Styraren kikka gjennom papirbunken, og sa at dei hadde ein ledig plass til ein gut på tre år. Guten fekk barnehageplass på staden, sjølv om vi ikkje hadde søkt der. Men tenk om eg hadde hatt ei jente på to år - då hadde vi ikkje fått plassen! Mitt råd er: Bank på dørene til barn e hagane, og be om å få snakke med st y raren. Det er verre å seie nei til folk midt i ansiktet på dei!

Ingen ansiennitet i køen

Barnehagane i Bergen opererer ikkje med ventelister, men søkjarlister. Tildeling av plass går derfor ikkje etter ansiennitet. Bystyret har vedteke seks punkt for kva barn som skal prioriterast ved opptak:

n Barn med funksjonshemming.

n Barnevernsbarn.

n Born med søsken eller foreldre som lid av alvorleg sjukdom eller funksjonshemming.

n Born av einslege forsørgjarar.

n Born av familiar der begge foreldre er framandspråklege, med unntak av svensk og dansk.

n Fagleg skjønsvurdering etter alder, kjønn, søsken, opphaldstid og søknadsdato.

— Når du er komen til det siste punktet om skjønsvurdering, det er då det blir vanskeleg, seier Anne-Marit Presterud.

Barnehagane set saman gruppene i forhold til alder, kjønn og geografi. Bergen kommune har innført samordna opptak for alle barnehagane, og det inneber felles søknadsskjema, opptakskriterium og registrering av søknadene. Det kan søkjast i inntil fire barnehagar.

«Som å vinne i Lotto!»

Tobarnsmor Elin Helgheim byrja å gråte, då dottera endeleg fekk barnehageplass - etter to og eit halvt år i kø.

— Det var fantastisk! Eg trur ikkje eg hadde blitt meir glad om eg hadde vunne i Lotto, seier Helgheim til BT.

Undervegs hadde familien fått mange strategitips frå andre i same situasjon.

— Nokre foreldre meinte at det smartaste er å ta på sine finaste klede, troppe opp i barnehagen, vise at du er ressurssterk, grei og ikkje blir til bry. Andre sa at det einaste som hjelper er å ringe og ringe så mange gonger at barnehagen til slutt går lei og gir deg plass, fortel ho.

— Og det var dei som meinte at legeerklæring er det einaste sikre. Så i barnehagekøen blir det plutseleg interessant å grave fram alt ein måtte ha av lyter. Eller kjenne ekstra godt etter om det er litt astma på gang, ler ho.

— Men det skal ikkje vere slik at den som roper høgast, får plass. Barnehageplass skal vere ein rett for alle barn.

Mitt råd er: Stem på det partiet som går inn for full barnehag e dekning!

Manko: 960 plassar

Til hausten kjem det til å mangle 960 barnehageplassar for å få full dekning i Bergen. 380 nye plassar vil vere klare, blant anna opnar Apeltun barnehage med plass til åtti barn. Det er derfor framleis håp for dei som har fått avslag. Men 960 barn blir likevel utan barnehageplass.

— Vi synest det er trist, men har ingen gode råd for kva foreldre som ikkje har fått barnehageplass, skal gjere, seier Anne-Marit Presterud til BT.

Men privat dagmamma kan vere ei løysing for desperate foreldre. Det vurderer Ragnhild Kristiansen, ein av 1340 som no står og stampar i barnehagekøen.

— Eg har aldri fått svar frå barnehagekontoret, men ante uråd, då andre fortalde at dei har fått plass, seier ho til BT.

— Barnehagekontoret seier at dei ikkje har tid til å sende svar til dei som ikkje får plass. Men det er då vanleg folkeskikk å svare! Slik er det iallfall når ein søkjer jobb.

Også ho kjenner foreldre som har køyrt offensivt i kampen om barnehageplass.

— Dei seier dei har ringt og mast heilt til dei har fått plass. Men eg synest det tragisk at dei med spissast albogar får først. Etter mi meining burde ei uhilda gruppe, ikkje kvar enkelt barnehage, avgjere kven som skal få plass. Då er ikkje foreldre avhengige av trynefaktor, eller av å «kjenne-nokon-som-kjenner-nokon».

Liten sjanse

At klagestormen er så sterk nettopp i år, trur Presterud har samanheng med at barnehagane har fått mykje omtale i det offentlege rom.

— Det har vore ei sterkare fokusering enn tidlegare gjennom sakene om makspris og barnehagereforma som lovar full utbygging, seier Presterud.

Leiar Grete Alme ved Alvøen barnehage seier at dei har 10-12 born på venteliste til dei tjue plassane.

— Både folk som har søkt og folk som ikkje har søkt, ringer og lurer på om det er håp no til hausten. Vi må svare at det ikkje er det. Sjølvsagt kan folk flytte, men sjansen er liten, seier Alme.

Også Hysing-Dahl ved Betanien fortel om stor pågang frå foreldre.

— Særleg plassane for born under 3 år er det stor pågang etter, seier ho.

Og har du først fått barnet ditt inn i barnehagen, er ungen sikra plass til han byrjar på skulen.

Mot alle odds

Det unge ekteparet i Bergen sentrum var ressurssterke, hadde stabile inntekter og god adresse. Utsiktene til barnehageplass for den førstefødde var derfor minimale. Likevel fekk dei napp etter kort tid i ein sentrumsbarnehage.

Korleis klarte dei det?

— Du må vise genuin interesse for den barnehagen du ønskjer at barnet ditt skal gå i. Samtidig må du ikkje bli oppfatta som plagsom, seier den anonyme faren.

- Mitt råd er: Ring barnehagen eit par gonger i veka. Men hugs å opptre høfleg og korrekt!

CHARLOTTE HELGELAND (ill.)<p/>