Ein blomebukett og 25.000 kroner er alt tobarnsmora frå Dåfjorden har fått frå Stord kommune.

Nesten seks år er gått sidan det katastrofale kinobesøket i Stord kulturhus.

25. mars 1998 svikta ein usikra lem over orkestergrava, klappa saman og sende Elin B. Petterteig ned i djupet. Ho slo hovudet på kanten, svima av og blei hengande etter armane.

— Eg vakna og det var ein bråte med menneske rundt meg. Ein mann sa eg måtte til lege straks, seier den 50 år gamle hjelpepleiaren.

Smertestillande til frukost

Skamslegen, kvalm og med hovudverk gjekk ho til lege to dagar etter ulukka. I dag angrar ho på at ho ikkje melde saka til politiet.

Hjelpepleiaren var sjukmeld for ryggsmerter då ulukka skjedde. Etter ulukka har helsetilstanden blitt kraftig forverra.

Ho fortel om smerter i nakke, hovud og rygg som stråler utover i heile kroppen. I den seinare tid har ho fått hjertebank og synet har blitt tåkete.

— Kvar morgon startar eg med ein banan og smertestillande.

Kvinna i sofaen er fint sminka og velkledd. Armane knyter ho rundt kroppen som for å verna seg. Ho kan ikkje skjula at ho har vondt.

— Det har vore heilt forferdeleg. Eg taklar ikkje stress, må ha god tid på alt. Eg har to ungar. Minstemann merkar det godt, seier Petterteig og ser bort på 12-åringen som sit i sofaen.

Økonomisk har Petterteig hatt store utgifter til medisinar, fysioterapi og kiropraktor i tillegg til tapt arbeidsinntekt.

— Me må berre innrømma at det har vore veldig tøft. Det har gått utover alt, seier ektemann Nils Magnar Petterteig.

Fem prosent invalid

Nyleg fekk familien eit nytt slag i andletet. 10.000 kroner i eingongserstatning var alt forsikringsselskapet Gjensidige NOR kunne tilby «som en minnelig løsning».

Basert på ein spesialistrapport frå ein nevrolog og indremedisinar konkluderer selskapet med at den varige medisinske invaliditetsgraden etter fallet berre er fem prosent.

— Det virka som om nevrologen var meir oppteken av fortida mi enn av det aktuelle fallet. Eg føler meg heilt makteslaus, seier Elin B. Petterteig.

— Forsikringsselskapet og nevrologen går hand i hand, kommenterer Nils Magnar Petterteig tørt.

Då Bergens Tidende kontakta Gjensidige NOR, fekk me til svar at dei i media ikkje kommenterer enkeltsaker som dreier seg om personskade.

Fastlege Rolf Reitan meiner rapporten er grundig.

— Fru Petterteig har ei veldig smertefull oppleving. Om det heng saman med ulukka er vanskeleg å seia. Ho hadde ryggliding frå før, men fallet kan ha vore med på å forsterka smerteopplevinga, seier Reitan som er blitt løyst frå teieplikta.

- Opp og avgjort

Stord kommune har erkjent ansvar for ulukka i 1998 og betalt ut sin eigen del - ein sum på 25.000 kroner.

— Me har aldri nekta ansvar for ulukka. Det var ein utruleg glipp som ikkje skulle skje, seier dagleg leiar i Stord kulturhus, Kitty Kristensen.

Ho trudde saka var opp og avgjort og vil ikkje kommentera eit eventuelt søksmål mot Stord kommune.

Det var eit russearrangement i kulturhuset dagen før ulukka. Ei tynn leidning til lydanlegget blei liggjande att slik at ikkje lemmen over den to meter djupe orkestergrava låg skikkeleg på.

— Har de endra rutinar etter ulukka?

— Me har same system med lemmar over orkestergrava som før, men me kontrollerer alltid at dei ligg på.

LEVER MED SMERTER: - Hadde eg ikkje hatt pågangsmot og godt humør, ville eg ikkje sete her i dag. Livet blei snudd opp ned for Elin B. Petterteig då ho fall i orkestergrava i Stord kulturhus for seks år sidan. Ei erstatning på til saman 35.000 kroner er alt ho har fått.<p/>FOTO: LENA VERMEDAL