Miljøverndepartementet har avvist ei klage frå Smelteverkstomta Næringsutvikling AS. Byggje— og deleforbodet skulle blitt oppheva 1. mars i år, men kommunen vil forlengje forbodet fordi reguleringsplanarbeidet har tatt for lang tid.

Departementet slår fast at byggje- og deleforbodet kan forlengjast i inntil eitt år. Det er gledeleg nytt for Odda-ordførar Gard Folkvord.

Unesco-status

— Vi treng tida for å bli ferdige med reguleringsarbeidet. No skal vi jobbe på høgtrykk. Eg satsar på å ha ei innstilling klar før sommaren, seier Folkvord.

Diskusjonen om Unesco-status for Odda-verket og fylkeskonservatoren sine motsegner til kommunen sine planar for tomta, har medverka til at reguleringsarbeidet har tatt for lang tid.

Fylkeskonservatoren meiner mellom anna at forslaget om veg over smelteverkstomta er i strid med verneinteressene.

— I siste runde ønskte òg konservatoren å utvide verneområdet, seier Folkvord.

Vil ha kompromiss

Vedtaket i Miljøverndepartementet gjev kommunen pusterom, men debatten om kva som skal skje med tomta og smelteverket, vil halde fram.

Folkvord gjentar at det kan kome på tale å gå imot fleirtalet i kommunen, som i ei folkeavstemning i fjor sa nei til å søkje om Unesco-status

— Eg vil ta til orde for eit stort politisk kompromiss, og eg utelukkar ikkje at vi kan gå inn for Unesco-søknad viss verneomfanget blir vesentleg mindre, sier Folkvord.

Odda kommune