Det måtte berast ekstrastolar inn i kulturhuset Meieriet då oddingane samla seg til folkemøte for å diskutera kva Smelteverksområdet kan nyttast til.

Kulturen vart fort eit hovedtema, men det reiste seg også motførestillingar.

Kåre Frøystein åtvara mot ei hallelujastemning for å ta vare på heile det svære området som eit museum for evig tid. Ordførar Toralv Mikkelsen ser for seg ein miks av ulike element, og åtvara mot ein stillingskrig mellom politiske parti.

Eit sentralt spørsmål kan bli kor mykje av smelteverket som må bli ståande for å gje industrien i Sørfjorden plass på UNESCO-lista. Frå riksantikvaren si side vert det lagt vekt på at industrien i Odda har samband til det freda kraftverket i Tyssedal.

Utgangspunktet for diskusjonen var eit arbeid som Instututt for Urbanisme ved Arkitektshøyskolen i Oslo har gjort for Statsbygg. Dei har nytta Odda og Harstad som døme, og seks svært ulike scenariar for Odda vart presentert av stipendiat Erling Dokk Holm.

Oddvar Johan Jensen frå fylkeskommunen sa at møtet har fått ein stor bukett idéar som kan dyrkast vidare. Det tek tid. Men ein har ikkje tid til å la området forvitra.

Folkemøtet kom ikkje til nokon konklusjon, men temaet skal diskuterast vidare. Første seminaret går av stabelen i dag.

FOLKET MØTTE: Oddingane møtte mannjamnt fram i Meieriet for å diskutera sentrumsutvikling i går kveld. På fremste benk (f.v.) førsteamanuensis Johnny Aspen, arkitekt Sophia Ælfvåg og stipendiat Erling Dokk Holm frå Urbanistisk Institutt ved Arkitekthøyskolen i Oslo.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH