Politiet fekk melding om husbrann i Fureberg i bygda Mauranger i Kvinnherad klokka 10.57 måndag.

Ein familie på fem bur i huset, men det var berre mora som var i huset då det tok fyr. Ho redda seg ut av huset uskadd.

— Det vart ein dramatisk start på brannen sidan eit skuddlager inne i huset gav frå seg kraftige smell, seier Per Stiegler, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Brannårsak er førebels ukjent.