Utkantkommunen Masfjorden i Nordhordland slit med fallende folketal og dårleg kommuneøkonomi. Då budsjettet for 2005 skulle syast i hop, ville formannskapet stengje nok ei avdeling i Nordbygda barnehage. 18 barnehageplassar og tre jobbar skulle kuttast.

Då tok styrar Gro Marit Kvinge Tande affære.

— Det gjaldt å handle kjapt, vi hadde berre to veker på oss. Takka iherdig innsats frå foreldrerepresentant Stian Søvik, fekk vi samtlige foreldre med oss på snuoperasjonen, fortel ho til BT.

Gro Marit Kvinge Tande skreiv deretter eit notat til rådmann og kommunestyret. I notatet fortalde ho korleis Masfjorden kunne berge både truga barnehageplassar og bringe foreldrebetalingen ned frå 2750 til 1500 kroner månaden.

To gode ting på ein gong, utan at det kosta kommunen ei krone ekstra. Ikkje rart politikarane samrøystes applauderte.

Meir bruk - meir tilskott

Nøkkelen låg i å få samtlege foreldre til å auke bruken av barnehagen. I Masfjorden var det tradisjon å ha barnehageplass to, tre eller fire dagar i veka. Men kortare opphaldstid gjev lågare statstilskott.

Når nær samtlege familiar sa seg viljuge til å ta full plass, auka statstilskottet så mykje at prisen kunne reduserast frå 2750 til 1500 kroner månaden. Då kosta det ikkje meir enn 400 kroner ekstra i månaden å få barnehageplass fem dagar i veka i staden for to.

Frå årsskiftet er det ikkje lenger mogleg å få redusert plass i dei to barnehagane som deltar i det toårige prøveprosjektet. Barnehagane i Masfjorden treng kvar einaste unge.

Styraren meiner barnehagen vinn på at fleire er til stades store deler av veka.

Sysla lenge med planane

Gro Marit Kvinge Tande vil ikkje ta æra åleine for bergingsaksjonen i Masfjorden. - Vi er tre barnehagestyrarar som i fellesskap har sysla med desse planane.

— Fin natur er det alle plassar på Vestlandet. I Masfjorden har vi i tillegg eit kjempegodt oppvekstmiljø, gode skular, eit kulturliv med store breidde, fotball, musikk og sjakk, reklamerer barnehagestyraren i Nordbygda.