Prolog:

Fredag. På ferja frå Fodnes til Mannheller. Las i Sogn Avis om ein bonde som berre fekk 14 kroner for ein heil sau. Det lova ikkje godt.

Laurdag

Sogn og Fjordane er det einaste fylke i landet med fleire sauer enn folk. Men berre så vidt. I følgje tala bur det 107.500 innbyggjarar i fylket, og 122.070 vinterfora sauer. Til dømes har Vestfold berre 3.809 sauer mot 213.000 menneske.

For det vert færre sauebønder her til lands, men stadig fleire sauer. Såleis er ein gjennomsnittsflokk i dag på 54,2 vinterfora dyr.

Det er ein auke på to, på to år. Men lat oss ikkje rota oss bort i tal. Lat oss heller dra til fjells.

Bjørk gard, kl. 9.15

Enno gjallar brunstbrøla frå hjorten mellom dei steile dalsidene. I heile natt har han gaula og vræla så ein bymann nesten vert skremd. Hjorten veit kva det gjeld, det handlar om framtida til slekta. Ikkje rart han gjer seg til for damene. Rimfrosten varslar at vinteren er nær.

Frostskodda heng over myr og mark Det gjeld å få sauene ned i bygda før snøen kjem, og gjer det uråd for både folk og smale å ferdast der oppe.

Kring tusen meter over havet.

Bonden Torkjell, son hans Morten og eg legg i veg oppetter lauvskogen, med kikkert, kaffi, mat og walkie-talkie. På bøen står 30 sauer og fintrør i det kalde graset. Dei er henta ned tidlegare. No er det dei siste åtte som skal til pers. Vi trur vi veit kvar dei går.

Kvelden før har vi hatt telefonmøte, som det heiter i dag. Nokre bønder skal gå heilt nord, nord for Bjørkanosi. Der skal det stå ein flokk. Andre skal gå sør om Tussen, på flatene utover mot Skjolden. Der skal det óg vere sett sau.

Så vi er mange mann i fjellet denne laurdagen, sjølv om vi ikkje kan sjå kvarandre. Alt samband skjer på radio. Vanlegvis ligg det ein kar med stor kikkert oppe på «Toaren». Det er ein utkikkspost i den eine svingen der Rv 55 klyv opp Sognefjellet.

Men i dag er denne karen ikkje på post.

Det vert lagnadstungt for oss.

Stokkastølen, kl 12.30

På NRK radio går Ukeslutt på lufta. Folk flest sit vel heime med kaffien no, og hyggjer seg med nyhende og magasin.

For oss er det lite å gle seg over. Smalen er borte vekk. Sjølv om spora er tydelege. Ferske, glinsande svarte spor, som vi byfolk kallar «IFA-pastiller» ligg over alt. I braken heng ulldottar som fortel at her har vore sau forbi.

Men anten står han dørgande stilt ein plass, til vi har gått. Eller så er han over alle haugar.

Då brakar det laus på kanal 5:

— Torkjell, Torkjell, kan du høyre meg?

Det er Johannes frå Yttrigarden som er på nettet.

— Eg har funne ein flokk på åtte dyr heilt oppe på Indre Smole. Men det er ikkje dine, dei har gule meller i øyra. Kjekt for han, tenkjer eg. Han har funne sine eigne sauer. Våre er framleis korkje å sjå eller å høyre. Og dei har grøne mellar i øyrene Ei anna røyst kjem inn på eit skurrande samband.

— Ein kar har sett nokre beist oppe på Lønningane. Vil de gå dit for å sjekka? Sjølvsagt vil vi det. Vêret er framleis godt.

Sola står rett nok lågt over Nobbafjelli, men ho varmar så dampen driv av makkotrøyene.

Nokre har nok bedt Herren om «godt og tjenleg vær», som det står i kyrkjebøna.

Sjølv tek eg ei skive med fårepølse i håp om at den skal vekkja medkjensle om smalen står attmed.

Men det hjelp ikkje stort.

Då deler oss i to lag. Torkjell går ned mot Opsete-stølane, medan Morten og eg går til fjells att. Med stø kurs mot Statnett sine høgspentkablar som bind Fortun til verda, og omvendt. Nettet snører seg saman.

Lønningane seter, kl. 14.02

— Der!!!

Det er Morten som ser søya først. Roleg og trygg ligg ho på ei lita kolle, 150 meter skrått over dei gamle stølshusa.

Ho har ikkje sett oss.

Aldri før har eg vore så glad for å sjå ein sau.

Kanskje har ho lam, kanskje ligg det fleire dyr bak henne.

No vaknar jegeren i meg. (Eg som aldri har vore på jakt.)

Varsam som ein indianar kryp eg i ein stor boge gjennom brake og lyng. Snart er eg bak søya, som er aleina. Eg reiser meg og brølar slik hjorten gjorde i natt.

Resultatet er som venta. Sauen sprett opp og spring med rova i veret, rett mot Morten.

— Det er ikkje vår. Dette er ein dalasau, vi har berre spelsau, seier Morten. Lakonisk.

Men sauebønder er solidariske. Finn dei dyr så skal dei drivast ned, same kven som eig dei. Difor er det vår oppgåve å få denne dama ned til bygda.

Det vert ikkje lett, for ho vil ikkje med.

Ho spring på kryss og tvers. Snart opp, snart bort men slett ikkje ned.

Under kraftmastene går ein sti med raude merke. Ein tursti. Ein god sti for trøytte menn, men inga utfordring for ein spretten sau.

På toppen av ei ufs gjer vi opp. Vi er no så langt nede i lia at sauen kan sjå heim til slektningane sine som går på beite nede på Nyløy. Ho finn sikkert heim på eigen hand, voner vi.

Dregni bru, kl. 16.55

Der er slutt for i dag. Sola er borte bak Rundnosi. Berre flekkar av Fortundalen er framleis ljossett.

Ein vaksen aure står urørleg i den grøne elva som kjem heilt frå Nørstedalen med brevatn.

Men ikkje har vi snøre, og ikkje har vi smale med oss.

På radioen høyrer vi at Torkjell heller ikkje har sett snurten av sau. Men framleis spring Øygardskarane i fjellet med sine beist framføre seg. Om ikkje lenge kjem dei vel ned mot Dregni dei óg.

Morten og eg tek fatt på den lange vegen heim. Fem kilometer på hard asfalt gjer vondt etter sju timar på mjukt beite.

Maten ser oppeten, termosen er tom og det svir i sure sokkar.

På alle jorda innover dalen står kvite nøste av god ull og beiter på dei korte stråa som er att etter slåtten.

Og høgt der oppe går truleg åtte kvite dyr og veit at dei slapp unna denne gongen óg.

Men berre vent, til neste helg....

Og snart er det jul.

Epilog

Seint laurdag kveld fekk vi melding om at ei søye og to lam stod fast i ei ur heilt ute under Hjerseggnosi. Sundag morgon drog vi dit. Men då folk kom nær spratt sauene bort, og forsvann ned i lauvskogen.

Det var spelsau med grøne meller.

fakta/sauehald

Det blir fleire sauer, men færre sauebønder i landet. På to år er talet på gardsbruk med sau redusert med 921, medan talet på sau er auka med 40 676 dyr.

Snittstorleiken på ein flokk er 54 dyr. Størst: Rogaland er det største sauefylket med over 200 000 vinterfora sau, og talet aukar.

Sogn og Fjordane, Hordaland og Oppland kjem på plassane bak, med om lag 120 000 dyr kvar.

Pris: Det er prisras på sauekjøt til bøndene i haust. For eit lam får produsenten 27.38 kroner pr. kilo, og for ein vaksen sau er kiloprisen 20,58.

Stønad: Nye reglar gjer at ein bonde må ha om lag 30 vinterfora sauer for å få stønad. Då må kvar sau få 1,5 lam i snitt.

Vær: Den sprekaste veren i Norge heiter Håtopp.

Han er fødd i 1996, i Ål i Hallingdal, og er far til 1019 lam. Han hadde ein treffprosent på 76,6, som må seiast å vera jamnt bra.

Gamal: Ein reknar at sauen har vore husdyr i Norge mellom 5000 og 6000 år. Han kjem frå Asia, i det som i dag er Iran/Irak.

Ull: Det finnes mange sauerasar, og mange typar ull. Merinosauen har den beste ulla, men den finst ikkje i Norge. Her er det dalasauen og spelsauen som rår. Begge har god ull.

KJELDE: www.norsk-landbruk.no

MOT STRAUMEN: Denne sauen ville ikkje ned til Fortundalen, etter sommaren i fjellet Her må Morten innsjå at slaget er tapt. I bakgrunnen ligg det snø på Hurrungane i Jotunheimen.
FOTO: TERJE VALESTRAND