– Døropninga var brei nok til at ambulansebårer og rullestolar kom seg gjennom. Me gjekk derfor ut frå at det var plass til sjukesengene også, seier arkitekt Erling Haugen til Sogn Avis.

Haugen meiner at dei ikkje har gjort ein tabbe trass i at fire rom har stått nærast ubrukte i eitt år og at det vil kosta nær 130.000 kroner å retta opp feilen.

– Eg er einig i at løysinga ikkje var 100 prosent optimal. Men dette er lita sak som me vil løysa i lag med kommunen, seier Erling Haugen.

Ingen oppdaga feilen

Då byggjeplanane blei lagt fram for aldersheimen, kom det ingen kommentarar. Asle Skalle i Lærdal kommune innrømmer at dei ikkje bemerka breidda på dørene godt nok for aldersheimen, og at dette burde blitt gjort. Først i fjor sommar vart feilen funnen. Årsaka til at dei fire dørene blei 30 cm smalare enn dei andre, er konstruksjonen på romma. Det skulle blitt meir funksjonelt med smalare dører.

– Pinleg

– Frykteleg pinleg, eg er glad eg ikkje var med på den tabben, seier Wenche Lie Lysne, dagleg leiar på aldersheimen.

Rådmannen i Lærdal, Lasse Sælthun, er einig i at saka er uheldig og at ein kommunikasjonssvikt ligg til grunn.

– Me var klar over at dei andre dørene var 120 cm breie, men me tenkte at romma kunne nyttast til avlastningsrom. Når ikkje det var bra nok, måtte me gjera noko med saka.

STENGD:Tenesteleiar for pleie og omsorg, Wenche Lie Lysne får korkje senga ut eller inn av den smale døra.
Kjell Eldegard, Sogn Avis