800 festglade frå fjernt og nær samlast i kveld i eit svært partytelt på Voss for å setja til livs eit halvt smalahove til manns, med poteter og kålrabistappe. Gjerne ein dram Smalahoveakevitt også.

Smalahovetreffet på Voss går av stabelen for tiande gong. Likevel har arrangøren, Voss Sentrum, redusert til ei bordsetning. Før vart det gomla kjekar, øyre og auge også på fredagskvelden.

Held koken

Kan smalahove om sider vera på retur?

— Slett ikkje, forsikrar smalahovekongen personleg, Ivar L. Løne.

For han er 800 middagar for ein drope i havet å rekna.

— 800 halve er 400 heile. Kva er det, når eg leverer 60.000 i året? kalkulerer og kommenterer Løne'n.

Dessutan tippar han at 1600 middagar (halve hove) blir konsumert på Voss i helga, utanom teltet. Det føreset at lassa med smalahove han har levert til kafear, restaurantar, hotell og private, ikkje blir lagt i fryseboksen, men hamnar på middagsbordet.

Sist laurdag måtte Løne inndra laurdagsfri og produsera 1000 ekstra hove for å etterfylla lageret.

— Vi svir om lag like mykje som i fjor, og alt går unna etter kvart, fortel han.

Slekt og vener

Ivar L. Løne (67) har svidd smalahove i meir enn 60 år. Dei siste 45 åra profesjonelt.

— Det var spennande å vera med bestefar på smalahovesviing på gamlemåten, mimrar Ivar.

I dag er han eigar av dei einaste smalahovesviingsmaskinen i verda, utpønska og konstruert av mangekunstnaren Leif Gjerme. Store konsern som Gilde har prøvt å ta opp konkurransen, men har gitt opp.

For 45 år sidan svidde Løne 100 hove i året, til slekt og vener. Dei heldt til i ei smie, der essen gav god varme.

I 1996 bygde han fabrikken nede ved Lønavatnet, rett nedanfor tunet på Løne. Med maskinen på plass, vart det 25.000 svidde hove første året. I løpet av neste tiåret har talet dobla seg.

— Største auken kom i frå 2005 til i fjor. Då auka vi med 20 prosent, frå 50.000 til 60.000, mykje fordi muslimane melde seg på.

— Korleis?

— Gilde og andre slakteri slaktar ein del sau «etter muslimsk tradisjon og norsk lov» som det heiter. Vi svir hovuda og sender dei attende, ukløyvde. Til norske avtakarar vert smalahova kløyvde etter sviing, og hjernen teken ut.

God tilgang

— Blir det aktuelt å henta hove frå New Zealand?

— Det blir veldig lenge til. Eg brukar berre hovuda til 4-5 prosent av lamma som vert slakta her i landet.

— Strenge forskrifter?

— Så strenge som dei må vera. Hovudet må vera frå lam, ikkje meir enn 12 månader gammalt ved slakting, og vega meir enn 17 kilo. Det betyr 1,7 kilo hovud, og du et deg mett på eit halvt.

Forskriftene er laga av veterinær Bjørn Helge Brunborg frå Voss, medan han var i Mattilsynet.

— Hadde han ikkje gjort den jobben, ville tilhøva i Oslo ha ført til totalforbod mot smalahove i Noreg,

— Kva hende?

— Innvandrarar svidde smalahove i parkar og andre stader i byen. Slikt er dei ikkje urbane folk vande med, og klagene strøymde på.

— Lønsamt?

— Vi har ikkje drive med tap, for å seia det slik, men vi har store, faste utgifter. Først då 50.000 svidde hove var passert, vart det pengar av det. I fjor vart det bra utbytte til aksjonærane, seier Løne.

I aksjonærprotokollen er det fire namn, mann, kone og to søner.

— Kva med dottera?

— Britt var for ung til å teikna aksjar då det var aktuelt, men ho kan kanskje få overta mine, no når Folketrygda tek ansvaret for å halda liv i meg.

SMALAHOVEKONGEN: Ivar L. Løne (67) har svidd smalahove i meir enn 60 år. Dei siste 45 åra profesjonelt.