Lokal mat må vera lovleg middel når dei skal psykast ut framfor den avgjerande tevlinga om World Cup-trofeet.

Kveldsrock

Blir det ikkje rått nok med Kari Traa i kuleløypa i Bavallen, så skal det rockast på kveldstid under World Cup på Voss.

Livebandet Corbin slår an tonen på Fleischer's Hotell i kveld, der det også bli stand-up show med Jon Hjørnevik og gitaristen Dagfinn Iversen.

Laurdagskvelden er det duka for Madrugada, rockebandet med fersk spelemannspris. Dei fleste i det 15 personar store fyljet kom til Voss i går, og snart er gitarist Robert Burås og trommis Simen Vangen også på plass, på Vangen. Madrugada på ski

— Vi kombinerer konserten på Voss med ein fire dagers skiferie undervegs til Texas, røper vokalist Sivert Høyen til Bergens Tidende.

Dei fire bandmedlemene har med eit mannskap på tre, alle med sambuar/kjærast, og eitt par har eit barn med.

— Vi prøver å betala litt tilbake for alt fråværet vårt heimanfrå, seier bassisten Frode Jacobsen. Han var litt av eit langrennstalent før popmusikken vart altoppslukande i 16-årsalderen. Men skiene blir helst stålkanta under opphaldet på Voss.

Jet set

— Spelemannsprisen er stor heider, men det stoggar liksom der, livet blir ikkje snudd opp-ned, seier Frode Jacbsen.

Men bandet er både stolte og veldig glade for utmerkinga. Det var mykje meir stas i år enn då dei vann for tre år sidan.

— Norsk rock har utvikla seg kolossalt dei siste åra. Nivået er eit heilt anna. Det var artig å vera nominert saman med så gode band, seier Sivert Høyen.

Madrugada har ein del heilt nytt stoff å framføra i Fraktgodsen, men mykje er henta frå den siste CD'en deira, og litt frå dei to eldste.

Bandet spela i same lokale på Voss i 1999, den tida dei humpa rundt i ein Transit. No går turen til Texas. Etter 40 minutts speling i Austin, skal dei vidare til Amsterdam, som er første stopp på ein Europa-turne gjennom Nederland, Frankrike, Spania og Portugal.

Heilsteikt okse

Bibelsk skikk om å slakta gjøkalven når den bortkomne sonen vender heim, blir overgått når vossingane skal feira heimkomsten til bygda si favorittdotter for tida, Kari Traa.

Fleischer's Hotell har investert i ein 2700 liters gasstank, gassdrivne omnar på kjøkenet og ein kjempegrill som skal heisast opp på terrassen med kranbil.

På grillen skal det frå klokka 14 fredag grillast ein heil okse, det største dyret som nokon gong er grilla frå rå tilstand ved hotellet. Utstyrt med 30 liter marinade skal kjøkenpersonale, supplert med Kjøttbransjens Elitelag, grilla på skift i vel 24 timar, til heilsteikt okse står på menyen laurdag ettermiddag. 200 kilo grillkol og brikettar vil gå med.

Frukost med Kari

Men før den tid er det duka til frukost med Kari Traa i eit telt som vart sett opp i Vangsgata i går kveld. Her er det plass til mange morgonsvoltne.

World Cup-teltet vil vera ein sentral samlingsplass under tilskipinga. Her er ulike former for underhaldning for store og små utover dagen. Hotella har After Ski-parties. Opningsseremonien seint i ettermiddag skal vera på Torget, der det også blir premieutdeling i morgon og sundag.

SPELEMENN TIL BYGDS: Det spelemannspriste rockebandet Madrugada er kome til Voss for å halda World Cup-konsert. Vokalisten Sivert Høyem t.h., bassisten Frode Jacobsen bak mobiltelefonisten Tore Nyborg i mottakskomiteen.<br/> FOTO: ARNE INGE HOFSETH