— Vi er ikkje kjende med at andre departement eller direktorat er involvert i ei vidare undersøking av ulukka enn det mandatet vi arbeider etter, seier assisterande direktør i Sjøfartsdirektoratet, Sigurd Gude til Bergens Tidende.

Gude er medlem av arbeidsgruppa som Sjøfartsdirektoratet har sett ned på bakgrunn av løyvinga på ein million kroner som næringsminister Ansgar Gabrielsen godkjende sist veke.

Full gransking krev 3 mill

I eit notat frå Sjøfartsdirektoratet til Nærings- og handelsdepartementet 10.februar, blei det gjort greie for at ei grundig undersøking av alle relevante forhold kring «Rocknes»-ulukka vil kosta minst tre millionar kroner.

Direktoratet peikar på at ei slik uavhengig undersøking krevst for også å kasta lys på forhold rundt farleia ved Vatlestraumen, blant anna merking.

Arbeidsgruppa som Sjøfartsdirektoratet sette ned for 11 dagar sidan, har som mandat å vurdera skipstekniske forhold, ikkje navigasjonsrelaterte forhold.

— Vi ser på kva som skjedde i samband med grunnstøyting, kantring og vassfylling, seier Sigurd Gude.

Politiet vel å ikkje ta standpunkt til kor grundig granskinga bør vere.

— Dette har vi ingen meining om, seier politiinspektør Svein Erik Krogvold ved Hordaland politidistrikt.

I arbeidsgruppa sit utanom Gude Sjøfartsdirektoratets avdelingsleiarar Per Magne Indreeide (lasteksipsavdelinga) og Turid Stemre (passasjerskipsavdelinga, ekspert på stabilitet), og med Bodil Rafner som sekretær. Rafner representerte direktoratet under «Sleipner»-rettssakene.

Arbeidsgruppa sitt arbeid skal vera avslutta 14.juni i år.

Kartmaskinane henta ut

I går vart kartmaskinane og anna datautstyr berga ut frå «Rocknes». Sjøfartsdirektoratet håpar det er råd å få ut viktige data om seglasen før havariet.

— Vi har teke ut det som var av datautstyr på brua, blant anna kartmaskinane, seier medierådgjevar Per Inge Hjertaker i Jebsens til BT.

Det elektroniske utstyret vart straks lagt i vatn, og skal no sendast til Ibas AS på Kongsvinger for analyse.

Båten ikkje klarert

Kor viktig det var å berga kartmaskinane, understreka assisterande sjøfartsdirektør Sigurd Gude overfor BT i går.

— Det hastar, og det skal ikkje stå på pengane. Vi har bede spesialistane i Ibas AS om å halda ein tett dialog med politiet for å sikra utstyret raskast råd, sa Gude tidlegare på dagen.

I samråd med politiet bestemte derfor Jebsens seg for å gjere eit forsøk på å henta ut utstyret allereie i går, sjølv om båten ikkje var klarert for ytterlegare undersøkingar.

— Vi har fått vita at det er råd å lagra informasjon i slike kartmaskinar. Men vi veit óg at det skal svært små partiklar til for å sletta informasjon på harddisken, seier Gude.

Ifølgje Sigurd Gude, som er medlem av Sjøfartsdirektoratets arbeidsgruppe som granskar «Rocknes»-ulukka, var det to kartmaskinar på «Rocknes»-brua.

Har bunkringsplanen

Tidlegare er GPS-utstyr - satellittnavigeringsutstyr - og lastekalkulatoren henta ut av «Rocknes»-vraket. Det er avklart at GPS-en ikkje har lagra data som er nyttig for gransking av ulukka.

Ifølgje Sigurd Gude er det derimot godt håp om å finna nyttige data som er lagra i lastekalkulatoren og i ein datamaskin som stod om bord på styrmannen sitt kontor. Denne datamaskinen inneheld blant anna opplysningar om «Rocknes» sin bunkringsplan for ulukkesdagen 19.januar.