Dei seks åra kraftverket hans i Tveitelvfallet har vore i drift har salsinntektene for kraft til nettet lege på jamnt 130.000-150.000 kroner i året.

— Dersom straumprisen held seg - eller stig meir utover i år, vil inntektene mine doblast, seier Eivind Tvedt til Bergens Tidende.

Han sender 100 kilowatt ut på nettet og tek unna seks kilowatt til eige bruk. Dette siste får han sjølvsagt «kjøpa» til gamal pris. Det blir svært butikk for Tvedt i ei tid då vi som er utan privat foss og eige kraftverk ser kraftprisen klatrar nærare og nærare himmelen.

Populært

Tvedt er også medeigar i Skånevik-verksemda Energi Teknikk AS. Dei kjøper inn komponentar og skreddarsyr små kraftverk for kundar over heile landet. Dei største leveransene er verk på opp i 1300 kilowatt. Hans eige er på 99 kilowatt. Tungvektarane skal leverast til kundar kraftbygda Luster.

Tvedt som sjølv har base i kraftkommunen Kvinnherad meiner at det finst store unytta vannressursar der småkraftverk kan installerast utan synlege inngrep i naturen.

— Overslag frå kompetente miljø i NVE seier reserven er på 7-10 terrawatt. Gasskraftverka til Jens Stoltenberg ville gje to terawatt, påpeikar Tvedt.

God avkastning

Tvedt sitt eige anlegg er sjølv den beste marknadsføringa av slike små pengemaskiner. Hans erfaringstal seier at ei investering på ein million kroner bør kunna gje ei avkastning på opp mot 200.000 kroner i året.

— Og då snakkar vi om inntekter i år med noko meir normale straumprisar, presiserer Tvedt.

Så får det vera opp til potensielle investorar å rekna gevinstar ut frå dagens tariffar.

Bøndene vakne

Dei aller fleste som spør etter tilbod og erfaringstal er bønder, men også kommunalt eigde vassverk er på tråden. Dei ser for seg at vatnet som renn gjennom trykkrøyra frå drikkevannsbassenga kan utnyttast fleire gonger og vendast i pengar.

Tvedt sjølv har to generatorar i drift i dag og vil dei næraste to åra installera endå to aggregat.

— Ver og straumprisar er unormale i år, men det kan koma liknande gullår seinare, trur han.

PRIVAT KRAFTVERK: Småkraftverkseigar Eivind Tvedt i Omvikedalen har eige kraftberk - ein pengemaskin i disse dagar. Det finst store unytta vannressursar der småkraftverk kan installerast utan synlege inngrep i naturen, påpeiker han.<p/> ARKIVFOTO: EGIL SUNDE