— Det viktigaste var å berga elva oppe i grenda, seier Jan Rasdal som var aksjonsleiar mot BKK sine utbyggingsplanar.

Tidlegare fotballproff Alf Inge Håland meiner det same. Han var villig til å stilla i lenkegjeng for å hindra kraftutbygging i 2002. Den tidlegare Leeds-proffen har hytte i dalen der morsslekta kjem frå.

Det er Småkraft AS som har fått løyve frå NVE til kraftutbygging i Rasdalen, utan reguleringsmagasin. Vatnet vert teke inn 1,5 kilometer nedanfor Rasdalsvatnet og kraftstasjonen er tenkt plassert like ovanfor E16 på Bolstadøyri, eit fall på 280 meter. For å ta vare på det biologiske livet i elva, skal det vera ei minstevassføring på 110 liter i sekundet.

Dermed blir det også litt vatn i den flotte, men noko bortgøymde Rasdalsfossen heile året.

Likevel er det vatn nok til ein årleg kraftproduksjon på litt over 18 GWh i eit normalår, straum til vel 900 husstandar.

Jan Rasdal opplyser at det i grenda er semje om den utbygginga som det no er gitt løyve til. Også BKK har akseptert løysinga. Kraftselskapet er medeigar i Småkraft AS.

Småkraft AS har nyleg også fått løyve til å bygga Tveiteskarelva kraftverk i Fusa, utan overføring av vatn frå Gjoelva.