• Please, go as close to the Russian trawler as you can. There is a tug coming in for fueling.
KNUT AAREKOL (tekst og foto)

Det er mannen på Statoil-kaien i Tromsø som seier dette. Eg svarar ok, og gjer som han seier. Seinare, når eg er ferdig å fylla diesel og går opp for å betala, er det same mannen som sit bak disken.

— Er du norsk, seier han forundra.

— På denne tida av året er det berre utanlandske lystbåtar her med mast og segl. Derfor var eg sikker på at du var utlending.

Turen frå Bodø startar i stille, fint ver. Over Vestfjorden med Lofotveggen mot nordvest er ein draum. Opp mot Løddingen kjem det ein laber bris og sigla blir tekne i bruk. I Løddingen får eg nytt mannskap som skal vera med til Tromsø. Resten av etappen er reine fornøyelsen. Lite vind og lett navigering.

Utriveleg overfart

I Tromsø var det planlagt mannskapsskifte, men eg er før planen, og bestemmer meg for å gå til Hasvik på Sørøya i Finnmark der eg har kjende. Det er flyplass på Hasvik, så Gunnar kan koma etter med fly.

Tar turen til Hasvik i to etappar med stopp på Skjervøy. Skjervøy, som ligg i Kvænangsfjorden, er som ein landsby bygd opp omkring havna. Vakker om sumaren med glødande midnattssol. Frå Skjervøy over Lopphavet og til Hasvik kjem ein liten nordaustkuling og gjer overfarten utriveleg.

Opphaldet på Sørøya er dess meir koseleg. Vertskapet tek meg med på biltur til Breivikbotn og til Sørvær, to andre fiskevær på øya. Eg får smaka steikte torsketunger for fyrste gong. Ein delikatesse som skal prøvast oftare dersom det er råd å få kjøpt. Gunnar kjem som avtalt, og same dagen går vi til Hammerfest.

Dansar på sjøen

Vi passerer Melkøya der gassen frå Snøkvit-feltet skal koma i land. Ein gigantisk anleggsplass. På etappen Hammerfest - Vardø har vi to overnattingar. Honningsvåg og Berlevåg. Vi passerte Havøysund der det er bygd ein vindmøllepark som viser godt igjen i landskapet.

Det nordligste punktet på reisa: 71 grader og 10 min N glir forbi. Sjøen er uroleg og «Oysan II» dansar seg fram, det er ikkje udelt behageleg for mannskapet.

Tredje juni er vi framme i Vardø etter å ha gått i medvind frå Berlevåg.

<b>SJØKART MÅ TIL: </b>«Resten av etappen er reine fornøyelsen. Lite vind og lett navigering», rapporterer Knut Aarekol.