Og det skal bli nye høve til å nytta både ski og brett og kjelke i veka som kjem, om meteorologane får rett i spådomane sine. Frå i dag og fram til tysdag middag kjem det til å koma ein god del nedbør, og sjølv om det blir gradvis mildare, vil nedbøren falla som snø over 300-500 meter.

— Vi reknar med at det vil koma rundt 50 millimeter nedbør i denne perioden. Det svarer til så mykje som ein halv meter snø, seier vakthavande ved Vêrvarslinga på Vestlandet, John Ottar Bjørsvik.

Nytte dagen

I går låg indre strok av Vestlandet bada i sol store delar av dagen. Også på Kvamskogen byrja dagen med klårvêr, og mange nytta høvet til sesongens første skitur. Fysioterapeut-kollegaene Tove Ask og Bodil Anderson hadde gode klede på og ensa ikkje dei fire-fem minusgradane, der dei sat med termosen mellom seg på høgdedraget mellom Fossdalsvatnet og Mødalen.

— Fantastisk å koma frå byen og opp hit til dette vinterlandskapet, samstemmer venninnene, som er snare med å koma seg ut i frisk luft.

Dei var ikkje dei einaste. Både i Eikedalen og Furedalen var det stor aktivitet i alpinbakkane, og også innover fjellet gjekk det spor i ulike retningar. Dei fleste gjekk som ventande kunne vera, innom Mødalen.

Men mange gjekk vidare, og i skaret mellom Såta og Stoveveggen stod Åsmund Bækken og nytte utsikta over Hardangerfjorden, Kvinnherad og Folgefonna. Skydekket som kom sigande frå vest, låg som ein skarp kant over solbada vinterfjell.

Høgtrykk på veg

Det er dette skydekket som etter kvart kjem til å gje snø, forresten det same skydekket som sytte for hissige byger fredag kveld og natt til laurdag, før det mellombels trakk ut over havet att.

Bakom kjem den fronten som skal syta for verkeleg gode skitilhøve for vestlendingane fram mot komande helg.

— Ja, for når fronten har passert utpå tysdag, kjem det eit høgtrykk inn over våre område frå Skottland og Shetland. Det vil gje Vestlandet nordavind og ein etter måten kald vêrtype så langt vi pr. i dag er i stand til å sjå, seier John Ottar Bjørsvik.

Ikkje alle kvir seg til det ...

FOLGEFONNA BEINT IMOT: Åsmund Bækken har nett svinga seg ned Stoveveggen. No nyt han utsyn mot fjord og fonn.
Knut Langeland