OVE ARNE OLDERKJÆR

— Vi er ikkje imot tunnelen. Det er traséen som deler bygda på langs vi ikkje vil ha, seier pensjonist Johan Flatebø og gardbrukarparet Ingfrid Øyre og Olav Skåre Øyre.

Bekkesildring og ein niseflokk som jagar brislingstimen på vågen er det einaste som bryt stilla denne vakre dagen i Nordrepollen inst i Maurangerfjorden.

Idylltilstanden vil vera forbi når 500 køyretøy i døgeret skal susa midt gjennom grenda til og frå påhogget til Jondalstunnelen oppe i brattlia.

- Ei av dei siste

«Alternativet vil øydeleggje ei av dei siste fjordbygdene som har ein slik historisk autentisitet som Nordrepollen har», heiter det i konsekvensutgreiinga for Jondalstunnelen.

Det var dette alternativet - tilførsleveg gjennom Nordrepollen til den kortaste tunnelen - som Hordaland fylkesting samla seg om i juni. Fordi det var billegast, og fordi halvmilliardprosjektet Jondalstunnelen dermed let seg realisera som fylkesveganlegg.

- Direkte ufint

Nabokommunane Jondal, Odda og Kvam ventar no at Kvinnherad går bort frå traséalternativet som vernar Nordrepollen. Det gir ein tunnel som er 1 km lengre og kanskje rundt 40 millionar kroner dyrare enn den korte tunnelen.

— Det er eit knallhardt press Kvinnherad blir sett under. Det er direkte ufint, meiner Olav Skåre Øyre.

I morgon tek Kvinnherad kommunestyre stilling til om Jondalstunnelen skal få 30 millionar kroner i meirinntekter som Folgefonntunnelen er kalkulert til å generera.

Samstundes vil kommunestyret nok ein gong måtta ta stilling til om langtunnelalternativet skal forlatast. Formannskapet sa nei til dette med 6 mot 5 røyster for to veker sidan.

- Ikkje kroken på døra

Ifølgje avisa Kvinnheringen er fylkesrådmann Paul M. Nilsen referert på at det er kroken på døra for Jondalstunnelen om ikkje Kvinnherad lojalt sluttar opp om den korte tunnelen.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H) er ikkje så kategorisk.

— Dersom Kvinnherad går for eit anna traséalternativ enn fylkestinget, vil det starta ein prosess der departementet avgjer trasévalet. Departementet vil sannsynlegvis velja den traséen som vegkontoret og fylkestinget har samla seg om, seier Nilsen.

— Slik sett blir det berre snakk om ei utsetjing, dersom det i mellomtida ikkje kjem opplysningar som viser at den lange tunnelen kan byggjast billegare. Det er prisen som set avgrensingar, ikkje geografien, seier fylkesvaraordføraren til Bergens Tidende.

Billegast totalt sett

— Som fullt ferdig utbygt anlegg for Jondalstunnelen er det lange tunnelalternativet totalt sett rundt 50 millionar kroner billegare. Det gjer det endå meir meiningslaust å rasera bygda, seier Nils Flatebø, grunneigar i Nordrepollen.

— Omsynet til kultur- og naturmiljøet har ikkje nådd fram til politikarane. Det blir berre nytta som festtalar, seier Flatebø.

Flatebø har ikkje tru på Jondalstunnelen som aust-vestsamband for til dømes bergensarar. Eit innkorta ferjesamband Årsnes - Gjermundshamn i Kvinnherad vil vera ein av konkurrentane.

— Og turistane, dei kjem for å sjå levande bygder, ikkje store steinfyllingar og attgrodde gardar, seier Ingfrid Øyre.

UNDER PRESS: Gir Kvinnherad etter for presset frå nabokommunane og fylket, blir Nordrepollen kløyvd på langs av tilførslevegen til Jondalstunnelen, påpeikar frå v. Olav Skåre Øyre, Knut Øyre, Oddny Øyre, Ingfrid Øyre, Eivind Risdal og Johan Flatebø. Fremst går Bård Skåre Øyre (4).<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR