— Folk bør tenkje litt over kva aktivitetar dei driv på med i småbåthamnene, seier overingeniør Grete Haugan ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

I vår og sommar har avdelinga undersøkt seks tilfeldig utvalde småbåthamner i fylket. Resultatet er nedslåande. Haugan karakteriserer alle hamnene som sterkt forureina.

Forbode stoff

På sjøbotnen i samtlege er det funne store mengder av det tinnorganiske stoffet TBT. Dette er eit svært giftig stoff som kan føre til hormon- og kjønnsforstyrring. TBT blei brukt som botnstoff for å hindre groing på båtar. Frå 1990 har stoffet vore forbode å bruke på fritidsbåtar.

— Vi kan sjølvsagt ikkje bevise at stoffet framleis er i bruk. Men dei høge verdiane vi har funne i denne undersøkinga, kan tyde på at så er tilfelle, seier Haugan.

Dei seks undersøkte småbåthamnene er Askvoll, Nordfjordeid, Krokane i Flora, Leikanger, Lærdal og Innvik. I tillegg til TBT blei det også funne tjærestoff og tungmetall. Verst forureina er småbåthamna på Leikanger. I Lærdal blei det også funne PCB på sjøbotnen.

Svært sterkt ureina

— Etter funna vi har gjort vil vi karakterisere hamnene som svært sterkt forureina, seier Grete Haugan.

Ho meiner forureininga er så stor at det kan vere på sin plass å seie frå om at ikkje alt er like lurt å gjere i ei småbåthamn.

— Vi veit at slike hamner blir nytta til andre aktivitetar, eksempelvis bading og reinsing av fisk. Områda er såpass ureina at folk bør tenkje over kva dei brukar småbåthamnene til.

Ved miljøvernavdelinga legg dei ikkje skjul på at dei ser alvorleg på førekomstane av miljøgifter. I tida framover vil dei no vurdere korleis miljøgiftene skal takast hand om.

Gode råd

— Eitt tiltak blir truleg å fastsetje strengare retningsliner for mudringsarbeid på sjøbotnen.

Til Bergens Tidende seier Haugan at det viktigaste likevel blir å hindre ytterlegare forureining.

— Det meste av forureininga kan båteigarane unngå ved enkle tiltak, seier Haugan og kjem med tre gode råd:

— Bruk berre godkjent botnstoff, unngå søl på vatn og jord ved fylling av bensin og olje, og lever blybatteri, olje, malingrestar og anna spesialavfall til godkjende mottak.

Tidlegare har to andre granskingar, frå Sørlandet og Møre og Romsdal, synt tilsvarande resultat.

— Det er all grunn til å tru at vi har å gjere med eit generelt problem som gjeld heile landet, seier overingeniør Grete Haugan.