Tjuven kasta ein kost mot ho og tok med seg bereposar med tjuvgods.

Kvinna sprang etter mannen, som slapp posane og forsvann.

Politiet pågreip han noko seinare på dagen idet han var i ferd med å setja ei narkotisk sprøyte. 21-åringen er i Sunnhordland heradsrett dømt til fem månaders fengsel for innbrotet sist sommar, i tillegg til heleri og tjuveri frå andre bustader.