— Det er vel for seint å nå verstingane. Det viktigaste no er å stoppa tilveksten, seier Morten Stensletten Eik til Bergens Tidende.

Eik og den jamaldrande kameraten Thore Medhus miste to kameratar i ulukka på Stripo på Rv 48 ved Husnes 10. februar i fjor. No har dei tidlegare råkøyrarane gått saman med Trygg Trafikk og Kvinnherad lensmannskontor om eit haldningsskapande arbeid blant ungdom.

Ingen fleire lys

— Etter ulukka sov eg lite, vi snakka mykje saman i gjengen kvar einaste natt i veka etterpå. På morgonkvisten andre dagen sat fem av oss att og bestemte oss for at vi ville gjera noko. Vi ville sleppa å køyra fleire gonger til ein ulukkesplass for å tenna lys. Dette var drivkrafta for at vi ville gjera ein innsats, fortel Morten S. Eik.

21-åringen frå Uskedalen er utdanna bilmekanikar og kjenner dei fleste ungdommane i bilmiljøet i heimbygda, i Rosendal og på Husnes, også nokre i Odda.

Han kjenner verstingane óg, dei som framleis driv hasardiøs fartsleik i tettbygde strøk, i Folgefonntunnelen og langs riksveg 48. Utblåsingar på 150 og 200 km/t skjer framleis på Stripo, til og med i 50-sona langs Opsangervatnet på Husnes.

Morten køyrer ein 1983-modell Opel Kadett, langt frå noko fartsmonstrum. Men han veit kva fortkøyring er, blant anna frå den tida han hadde ein Opel Rekord.

— Eg rekna meg vel ikkje blant verstingane, men låg nok jamnt over fartsgrensene, seier han.

- Å mista lappen det verste

Det har teke tid å få organisera samarbeidet med lensmannskontoret og Trygg Trafikk. Først no i vinter er materiell klart, slik at Morten S. Eik og Thore Medhus kan ta til med si oppsøkjande verksemd. Dei vil fortelja ungdomsklubbar og skuleklassar om farane ved å køyra fort med bil.

— Vi vil setja inn tiltak i fasen før dei tek sertifikat. Å endra haldningar til dei som alt er verstingar i trafikken er ikkje så lett, seier Morten S. Eik.

— Den største skrekken er å mista lappen. Det synest å vera verre enn å mista livet, seier Morten. Han er glad for intensiverte fartskontrollar og større innsats frå biltilsynet. Men veit at den enkelte si haldning er viktigast.

— Dei unge veit alltid kor politiet er med fartskontrollane sine, jungeltelegrafen er effektiv, seier Morten S. Eik.

BREMSAR NED: Tidlegare råkøyrar Morten S. Eik (21) har dempa farten etter at han mista ein kamerat i ei ulukke ved Husnes i fjor, og skal saman med kameraten Thore Medhus driva fartsførebyggjande arbeid blant Kvinnherad-ungdom.<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR