Partileiar Erna Solberg åtvarar óg sine eigne mot å la Arbeidarpartiet gje Høgre «lommebokstempel».

Etter fleire valkampar med mykje fokus på effektivisering av offentleg sektor og privatisering, skal Høgre i år vinne valet ved å fri til hjartet.

Då partileiar Erna Solberg i går talte til årsmøtet i Hordaland Høgre vart pengar knapt nemnd med eit ord.

Endringa er ikkje minst eit resultat av det dårlege stortingsvalet i 2005. Solberg legg ikkje skjul på at partiet har slite.

— Vi hadde ein del år då vi sat i regjering der Høgre som politisk verkstad vart skadelidande. Det var nok ei oppfatning om at for mykje vart bestemt sentralt, seier ho.

Vil ikkje bli pressa av Ap

Høgre har gjort sitt for å stå fram som eit lommebokparti: Ikkje minst i kommunevalet for fire år sidan, då slagordet var «Mer igjen for pengene». Men partileiar Solberg legg òg mykje av skulda for lommebokstempelet på Arbeidarpartiet og fagrørsla.

Ho er opptatt av at dei ikkje i år igjen blir offer for venstresidas «bestemor på anbod»-retorikk.

— Eg er opptatt av vi ikkje hamnar i ein situasjon der vi opphevar verkemidla våre til mål. Vi let dei andre snevre inn vår bodskap for kommunane til eit konkurransebodskap, men det er det ikkje, sa ho til utsendingane på årsmøtet.

- Kan lære av Friele

Sidan årsskiftet har Solberg reist land og strand rundt og besøkt høgrelag, og ho er nøgd med det ho har sett. Mykje går betre no, meiner ho.

— Eg får mellom anna tilbakemeldingar på at det er lettare å få folk til å seie ja til ein plass på listene enn det var både i 1999 og 2003, seier ho.

Medan Høgre på landsplan framleis slit på meiningsmålingane, ser det svært bra ut for Høgre i Bergen med målingar på opp mot 30 prosents oppslutning.

Solberg trur partiet sentralt kan lære noko av Bergen.

— Eg trur ein av dei tinga vi kan lære er det som Herman (Friele) har stått for, som handlar om å vere entusiastisk, seier ho.

8000 på skulebenken

Solberg la i talen til årsmøtet stor vekt på at det skal vere ein lokal valkamp med lokale saker.

Men heilt utan sentralstyring er høgrefolka likevel ikkje: Alle dei 8000 som står på Høgre sine vallister rundt om i landet skal i løpet av våren skulerast i kjernesakene i årets valkamp. Sakene har partiet summert opp i slagorda «Trygg lokalsamfunn, kvalitet i omsorgen og kunnskap i skulen». Dei vil du få høyre mange gonger fram til valet i september.

FRIR TIL HJARTET: Erna Solberg og Høgre vil snakka mindre om tal og meir om saker som frir til hjartet.

FOTO: HANS K. MJELVA

FRIR TIL HJARTET: Erna Solberg og Høgre vil snakka mindre om tal og meir om saker som frir til hjartet.FOTO: HANS K. MJELVA