Dette skjer etter at bystyret torsdag 23 mot fire røyster vedtok å gje eit tital forretningar i sunnfjordkommunen løyve til å selje drikke med alkoholprosent på opptil 4,7. Det var representantar frå KrF og Senterpartiet som røysta imot. Med til historia høyrer også at det gamle ølmonopolet, Førde Ølutsal AS, er blant forretningane som no har fått salsløyve.

Men torsdag kveld, berre timar etter at politikarane haddeoppheva selskapets monopolstatus, vedtok styret i AS Førde Ølutsal å avvikle segsjølv så raskt som praktisk mogeleg.

Drakk for idretten

Uansett er det no slutt på den lett kuriøse omsetnadsforma kommunen har hatt i fleire tiår; ølsal gjennom eit offentleg eigd monopol — der eit eventuelt overskot gjekk til idrett og andre frivillige eller ideelle organisasjoner.

På same tid som kommunen slepp ølsalet laus i daglegvarebutikkane, stiller den krav som gjer at ei rekke butikkar må byggje om lokala sine. For kommunen er det nemleg ein føresetnad at kundane ikkje skal kunne komme uforvarande over dei alkoholhaldige varene.

Må hindre innsyn

Med andre ord må ølboksar og flasker skjermast i eigne rom eller avlukke inne i forretningane.

— Det er eit vilkår at forretningane har veggar som hindrar folk i å få innsyn i dei alkoholhaldige varene, seier Førde-rådmannn Ole John Østenstad til NRK Fylkesnytt.

Østenstad rådde i utgangspunktet politikarane frå å oppheve monopolet, men fekk altså lite gehør.

P.S. Det er framleis to kommunar i landet som har ølmonopol, men desse forretningane er private og ikkje eigd av kommunane.

Er eigne øl-rom i butikkane ein god idé også for andre kommunar? Syng ut i kommentarfeltet!