Førstkomande torsdag blir det truleg ei endeleg avklaring for fødestova i Odda, etter mange år med uvisse. I 2011 gjekk Helse Vest inn for å redusere tilbodet til ei jordmordstyrt fødestove, utan legar. Det ønskte ikkje jordmødrene i Odda.

I ei sak som skal opp på eit ekstraordinært styremøte i Helse Vest, forslår administrasjonen i Helse Vest at ein sluttar med vanlege fødslar i Odda. Dermed må fødande kvinner i Odda reise den lange vegen til Haugesund for å føde.

Sluttar styret seg til forslaget, som det er all grunn til å tru at dei gjer, vil det kun det kun bli naudfødslar i Odda i framtida.

Som i Lærdal

I tillegg vil dei fødande få tilbod om kontrollar på Odda sjukehus, følgje av jordmor til Haugesund viss naudsynt og eit barseltilbod etter fødselen.

— Ei arbeidsgruppe har tilrådd eit tilbod i tråd med «God start-modellen», som er teke i bruk på lokalsjukehusa i Nordfjordeid og Lærdal, seier adm. direktør Olav Klausen i Helse Fonna.

Styret i Helse Fonna gjekk i sommar inn for denne løysinga. Sluttar styret i Helse Vest seg til forslaget, vil det truleg gå til Helse- og omsorgsdepartementet for ei endeleg avgjerd.

Bemanning som før

Klausen seier det truleg ikkje vil få noko særlege konsekvensar for bemanninga på fødestova i Odda.

— Vi må likevel drifte ein følgeteneste og eit barselstilbod, seier han.

Utgangspunktet for endringa er at departementet tidlegare har gått inn for at alle såkalla forsterka fødestover skulle gå over til jordmordstyrte fødestover, der jordmødrene åleine skulle stå for fødslane.

— Dei tilsette i Odda ønskte ikkje å drifte ei jordmordstyrt fødestove. Grunngjevinga var at det kom til å bli veldig få fødslar, seier Klausen.

Dei siste åra har talet på fødslar i Odda gått ned, og fleire og fleire fødande har drege til Haugesund.