— Funksjonshemma kjem til å få det langt verre i framtida. Det er ingenting å diskutere, fnyser Anne Berit Kolås i Norsk Handicapforbund.

- Blir isolerte

Kolås sit sjølv i rullestol, og er sjokkert over at politikarane frå Ap, Sp, KrF og Venstre snudde i fylkesutvalet, og likevel røysta for fylkesrådmannen sitt framlegg om å endre transportordninga for funksjonshemma under 70 år i Hordaland.

Vedtaket kjem til leggje ein kraftig dempar på det sosiale livet til kring 2800 funksjonshemma i fylket, hevdar Kolås.

— Dei blir isolerte i heimane sine. Og dette skjer ved inngangen til Funksjonshemmedes år i 2003!

Då var stemninga heilt annleis berre i forrige veke. Rullestolbrukarar, blinde og svaksynte hadde mobilisert og slapp jubelen laus, då politikarane i miljø- og samferdslekomiteen samrøystes gjekk inn for å vidareføre dagens ordning.

- Slag i ansiktet

No viser det seg altså at dei har gledd seg for tidleg.

— Dette er eit slag i ansiktet for dei dette gjeld, meiner Terje Søviknes (FrP).

— Det er altfor lettvint av politikarane å snu på helen på denne måten. Medlemer i fylkesutvalet har overprøvd partikollegene i fagkomiteen. Eg trur ikkje dei har innsyn i kva konsekvensar dette kjem til å få for dei funksjonshemma.

FrP kjem til å ta saka opp i budsjettdebatten i fylkestinget i desember.

— Dette kan vi ikkje akseptere. Skal funksjonshemma ha same sjanse som oss funksjonsfriske til å fungere i samfunnet, må dei kunne kome seg ut av heimane sine. Vi vil gjere det vi kan for å få vedtaket omgjort.