Språkforskar Øystein A. Vangsnes ser at sognedialekten er i endring, og at dei markerte dialektforskjellane i Sogn og Fjordane blir meir utviska. Forskaren som er tilsett ved Universitetet i Tromsø har gjort undersøkingar hovudsakleg i Sogndalsområdet dei siste åra, skriv Sogn Avis.

– Synd med utvatning

Tone Damli Aaberge er blitt brukt som frontfigur for Lerum for å fronta Sogn-dialekta.

– Ungdommar blir lett påverka av kvarandre, og eg merka det var vanskelegare å halde på dialekta då eg reiste til Sandane for å gå på musikklinja, seier Damli Aaberge til bt.no. Ho synest det er dumt om folk misser dialekten sin.

– Det er synd om Sogn-dialekta blir utvatna , det er viktig å halda på særpreget, meiner utflyttaren som er stolt av dialekta si.

«Soli» skin ikkje

– Unge frå Sogndal skil seg ut ved at fleire ikkje nyttar ao-lyd, ved at somme brukar e-infinitiv, anten systematisk eller blanda med a-infinitiv og ved at dei ikkje har delt hokjønns-bøying, dei seier altså både jenta og sola i staden for det tradisjonelle jentao og sola, meiner Vangsnes. Såleis skil dialekta frå Indre Sogn seg ikkje like mykje frå resten av fylket.

Mindre kest

Forskaren ser relativ dramatiske endringar i målet hjå ungdom i Sogn.

I tillegg til at ao-lyden i stor grad er borte og at infinitiv ikkje er konsekvent, nyttar unge frå Sogndal til dels andre spørjeord enn dei tradisjonelle. Til dømes korleis i staden for kelais, koffør for kefø og kor i staden for kest.

NRK får skulda

Forskaren trur at ein av grunnane til at dei meir omfattande endringane av indresognsmålet skjer først no, etter over 250 års administrativ sameksistens med Sunnfjord og Nordfjord, dels kan tilleggjast NRK Sogn og Fjordane.

– Det at ein fekk ein lokalkringkastar har nok vore sterkt medverkande til å byggja opp ein felles identitet i fylket. Og felles identitet kjem før eller seinare språkleg til uttrykk, meiner Vangsnes.

Forskaren meiner Fjærlandstunellen kan bidra i same retning. Endringar i kommunikasjon gjennom bygginga av Høyangertunnelen er ein av grunnane til at forskaren meiner balestrandsdialekten er i stor endring.

Pendelen kan svinga

Det som kan demma opp for dei endringane Vangsnes meiner å sjå no, er framvekst av sterkare lokal identitet knytt til Indre Sogn.

– Me ser til dømes at Lerum er byrja å spela på sognemål som ein sterk markør av lokal tilknyting. Dette kan få pendelen til å svinga, så det er ikkje heilt eintydig at det tradisjonelle indresognsmålet ligg på sotteseng, men hovudinntrykket mitt er altså at me er på veg mot ein fylkesdialekt meir enn at dei gamle skarpe skilja mellom Indre Sogn og resten av fylket blir ståande.

Er det eit problem at dialektar glir i kvarandre? Sei di meining her!

SOGNAMAOL I ENDRING: Språkforskar Øystein A. Vangsnes ser at sognedialekten er i endring, og at dei markerte dialektforskjellane i Sogn og Fjordane blir meir utviska.
Lars Nordmo, Universitetet i Tromsø
IKKJE FYLKESDIALEKT: - Det er framleis stor skilnad mellom Sunnfjord og Indre Sogn, meiner Tone Damli Aaberge.