I løpet av pinsehelga vart det klart at drifta ved Borge garveri ikkje kjem i gang att etter konkursen tidlegare i vår.

Det var lenge eit håp at det skulle la seg gjera å halda fram med drifta som har gitt 69 arbeidsplassar.

**Les også:

I dag mister Pavel jobben**

«Bygdanytt» melder at verksemda har tilbydd eit samarbeid med storkunden Louis Vuitton i Frankrike, men at dette ikkje har ført fram.

Seinare har ein prøvd å knyta til seg ein privat investor, men dette førte ikkje fram.

— Det handlar ikkje berre om pengar, seier dagleg leiar i den 120 år gamle bedrifta, Johannes O. Borge.

Kostnadsnivået i Norge saman med krisa som utviklar seg i Europa er faktorar i den totale vurderinga som er gjort.

— Det er ein erkjenning, seier Borge.

— Det er ei tid for alt. No var tida over for oss.

SKINN TIL VESKER. Den tradisjonsrike bedrifta har levert skinn til luksusvesker. FOTO: Paul S. Amundsen.