Korkje styreleiar Mai Vik eller dei andre åtte styremedlemmene i Helse Vest RHF såg i nåde til dei fødande kvinnene i Indre Sogn. Fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus vert lagt ned.

Vedtaket vart gjort i vakre omgjevnader på Selje Hotell. Der stilte hotelleigar Gerd Kjellaug Berge, som sjølv er styremedlem, hotellet til disposisjon då helsetoppane skulle modernisera sjukehusstrukturen på Vestlandet.

— Dette er eit steg 25 år attende i tida for kvinnene i Indre Sogn, var Bente Øien Hauge sin første kommentar.

Det var ho som måtte gje den tunge beskjeden til dei tilsette ved fødeavdelinga.

Venta kvilelaust

Då hadde aksjonsleiaren for «Forsvar sjukehuset i Lærdal» gått kvilelaust fram og attende på golvet i stovene på Selje Hotell og venta i fem timar på nyhende frå styrerommet.

— Vedtaket sikrar heilskapen i sjukehusstrukturen på Vestlandet, sa styreleiar Vik då ho informerte eit tolmodig mediekorps om avgjerda.

— Helsetenesta er i rask endring. Vi har måtta vega fleire omsyn opp mot kvarandre. Eg er glad for at det er eit samla styre som står bak denne avgjerda, sa Vik.

Aksjonistane frå Lærdal kunne ikkje skjula at dei var skuffa.

— Vi kjende det som vi klarte å få styremedlemmene til å tenkja gjennom saka frå ein annan synsvinkel. Men slik var det altså ikkje, seier Hauge til Bergens Tidende.

- Sikra kvaliteten

Styreleiar Vik understrekar at det har vore viktig for styret å sikra ein høg og stabil kvalitet på sjukehus- og spesialisthelsetenestene på Vestlandet.

— Har styret no vedteke ein sjukehusstruktur som skal vare i mange år?

— Dette er eit framtidsretta vedtak. Men eg kan ikkje lova at vi har like mange sjukehus på Vestlandet om ti år som vi har i dag, seier Vik til Bergens Tidende.

Gårdagens vedtak er likevel ikkje på langt nær så omfattande som administrasjonen i Helse Vest opphavleg ønskte. Før jul i fjor la ei arbeidsgruppe fram eit forslag som gjekk ut på at kirurgisk og fødeavdelingar i dei to vestlandsfylka skulle sentraliserast til sjukehuset i Førde og Haukeland universitetssykehus.

— Vi har møtt eit folkeleg engasjement i denne avgjerdsprosessen og har hatt mange grundige gjennomgangar av organiseringa. Dagens vedtak speglar at opinionen langt på veg har hatt gjennomslagskraft. Sa Vik etter styremøtet.

Slaget ikkje tapt

Aksjonsleiar Hauge seier til BT at ho kjenner seg avmektig i høve til helsestyresmaktene.

Men ho vil ikkje innrømma at slaget er tapt. Om ei veke held helseminister Dagfinn Høybråten føretaksmøte i Helse Vest RHF. Då skal han godkjenna styrevedtaket frå Selje.

— Vi har møtt han to gonger tidlegare i samband med denne aksjonen. Vær trygg på at han kjem til å høyra frå oss igjen før føretaksmøtet, seier Hauge.