Det var i 1990 Youssef Mohsen og Massimo Galuzzi bestemte seg for å slå seg saman, og satse på sal av pasta og pizza til kresne norske ganar. I løpet av desse åra har Pastasentralen blitt ein institusjon for både tilreisande og fastbuande i byen.

Men om to veker er det slutt, då flyttar dei ut av lokala ved Bystasjonen. Bygget dei leiger er eigd av kommunen, og er eit av dei første som skal rivast i samband med bygging av ny bybane. Det er vemodig, både for eigarar og gjester.

— Eg har aldri følt at eg kjem på jobb når eg kjem hit, det er blitt meir som min andre heim. Alle dei gode minna gjer det heile ekstra trist, seier Youssef Mohsen.

Kongeleg pasta

Frå ein beskjeden start med tre bord og plass til ti, har Pastasentralen vakse seg til å bli ein av dei mest populære restaurantane i byen. Dagleg er mellom seks hundre og åtte hundre svoltne pastaelskarar innom dørene - studentar, næringslivsfolk og familiar. På veggane finn ein bilete av kjende kultur- og idrettsnamn. Brann-spelarane er innom fleire gonger i veka. Til og med kronprins Haakon har ete her eit par gongar.

— Vi har servert alt frå byens rikaste til byens fattigaste. Det viktige for oss er å ha god kontakt med kundane, og få dei til å kjenne seg som heime, seier Mohsen.

— Men kan de ikkje finne eit nytt lokale å leige eller kjøpe?

— Den private marknaden er veldig tøff. Tre gonger har vi vore nær ved å kjøpe, men kvar gong har det slått feil, seier Mohsen.

Seinast i førre veke var dei i sluttfasen av kjøp av eit lokale i Nygårdsgaten.

— Då oppdaga vi i siste liten at det ikkje gjekk an å installere eit tilstrekkeleg ventilasjonssystem, seier Mohsen.

27 utan arbeid

Dei siste månadene har vore tøffe. Til no har dei brukt mange tusen kroner på advokathjelp og arkitektar på jakt etter høvelege sentrumsnære lokale. Massimo Galuzzi seier han no har gjeve opp kampen. Mange år med mykje jobbing har sett sine spor.

— Det tek på å vere på jobb frå ni om morgonen til midnatt. Familielivet har til tider blitt skyvd bort av all jobbinga, seier Galuzzi.

Å starte på nytt ein annan plass ser han difor mørkt på.

— Eg må nok gjennom ein tenkepause før eg bestemmer meg for å bli med vidare, seier han.

Kompanjongen Youssef Mohsen derimot, er framleis ved godt mot.

— Eg vil ikkje gje opp, og prøvar å sjå etter lys i tunnelen. Eg håpar framleis det skal ordne seg, og at vi kan starte opp att i nye lokale, seier han.

I dag er det 27 tilsette ved restauranten. Dei siste vekene har fleire av dei vore sjukmelde. Alt det usikre rundt flyttinga og framtida har vore vanskeleg for dei alle.

— Nokre av dei har jobba her i tolv-femten år. Dei fryktar at det vil bli vanskeleg å finne seg nytt arbeid, seier Mohsen.

— Difor vil eg drive Pastasentralen vidare, ikkje berre for meg sjølv, men for våre tilsette og dei trufaste kundane vi har fått gjennom desse åra, lovar han.

Bøn til byråden

Som ein siste utveg ber eigarane av Pastasentralen no byråd for byutvikling, Lisbeth Iversen, om ei hjelpande hand.

— Vi vil svært gjerne hjelpe dei som har vore ein del av bybiletet så lenge, men vi må drive korrekt forretningsmessig. Vi kan ikkje gå inn og subsidiere næringsverksemd, det vil vere eit brot på EØS-regelverket, er svaret frå byråden.

Ho var tidlegare inne i prosjektet, men arbeidet med bybana er no gått over til andre instansar. Avdelingsdirektør i Bergen kommunale bygg, Dagfinn Øvrebotten, har ansvar for bygningen som skal rivast.

— Bør de ikkje involvere dykk i Pastasentralen si vidare framtid?

— Dette er ein privat kjøpsprosess. Eigarane har visst om rivinga i eit år, så eg ser ingen spesiell grunn til at vi skal setje i gang eit hastearbeid no, seier Øvrebotten.

Rune Sævig