— Brann hadde spela kamp i Stavanger, og tapt. På toppen av det heile vart bussen med Brann-tilhengjarar ståande att på kaien på Sandvikvåg på Stord seint på sundagskvelden. Det er den einaste gongen eg har følt redsle på jobb, fortel Sandvik.

Fleire i fallet

Den raude horden omringa ferjedirigenten, og ville senda han i det kalde vatnet.

— Eg manna meg opp og sa at eg nok skulle greia å dra nokre av dei med meg i fallet. For å vera på den sikre sida ringde eg likevel til Fitjar-lensmannen og skaffa meg politivern fram til fotballsupporterane hadde kome seg av garde.

Han presiserer at episoden stammar frå slutten av 70-talet.

— Me er frykteleg skuffa når Brann taper, men ikkje så nede at me dumpar folk i havet, flirer nestleiar Tore Larsen i Brann sin supporterklubb Bataljonen då han får høyra historia.

Friske krefter

Harald Johan Sandvik har dirigert bilar trygt om bord på HSD-ferjene i Sandvikvåg i snart ein mannsalder. Mellom avgangane har han drive nærbutikken på kaien saman med kona Anbjørg (54). Ved årsskiftet var det slutt - ikkje butikken, men dirigeringa. Då gjekk HSD sin konsesjon ut, og Fjord 1 overtok. I går vart gassferja M/F «Bergensfjord» sett inn i rute mellom Sandvikvåg og Halhjem. Utan Sandvik i kjent positur. 26 bilar og rundt 50 passasjerar var med på første turen

— Eg er tilsett i Fjord 1, men ikkje som dirigent. Friske krefter får ta over. Min jobb vert å administrera reiarlaget sitt nye kaipersonale på Sandvikvåg, forklarar han

Når buene om kort tid er på plass på land, skal dei selja billettar. Dei skal også dirigera trafikken på travle dagar. I sist veke var dei på kurs - hos Sandvik, sjølvsagt.

— Eg kjem ikkje på betre læremeister, seier Sandvik.

Tredje generasjon

Blant læresveinane er Patricia Roque frå ferieøya Gran Canaria i Spania. Ho førebur seg på kaiarbeid i allslags vêr.

— Dette er ikkje som heime, sjølvsagt. Men eg gler meg. Det vert spennande, seier ho medan januarregnet ausar ned.

Sandvik var ikkje meir enn 16 år første gongen han dirigerte trafikken på Sandvikvåg.

— Eg var med far min på opplæring. Frå 1970 tok eg over på eiga hand, seier 58-åringen som var tredje generasjon som leverte kaitenester til HSD.

— Bestefar min starta i Færøysund i 1908. Den gongen var det ikkje særleg med passasjertrafikk. Det gjekk meir på gods og post.

Revynummer

Alle kjenner Sandvik, og Sandvik kjenner alle - sånn omtrent, i alle fall. Mindre kjent vart han ikkje etter at revyartisten Ole Bergesen frå Fitjar vart Noregsmeister i amatørrevy med nummeret «Ferjedirigenten» på Høylandet i 1993.

— Eg har alltid vore oppteken av å vera tydeleg i kroppsspråket når eg dirigerer bilane. Så den parodien likte eg veldig godt. Det likna på meg også. Eg identifiserer meg meir med den figuren enn med Salhusvinskvetten sin «Peder ferjebillettør». Han står meir for ein Salhus-Frekhaug-problematikk, tykkjer han.

Historiebok

Sandvik er eit oppkome av gode historier etter mange år på ferjekaien. Han gløymer aldri den eldre fitjarbuen som for første gong såg ei ferje med løftebaug.

— Han skulle nordover i eit bryllaup. Ferja - det var «Skånevik - nærma seg land og baugen gjekk sakte opp. Mannen stod med store auge og gapa synkront med ferja. Gapinga fekk han til å hugsa at han hadde lagt gebisset att heime, smiler Sandvik.

Han er ikkje framand for å gje historiene ut i bokform ein gong i framtida.

— Kanskje. Men så var det dette med personvernet, då.

KØYR OM BORD I FERJA: Harald Johan Sandvik har fått mange vener blant dei reisande på Sandvikvåg opp gjennom åra. - Veldig mange helsar og ropar hallo. Det er hyggjeleg, tykkjer han.