— Me har mottatt 120 kubikk forureina slokketvatn frå Sløvåg, seier Tom Berntsen i avfallsbedrifta Renor ved Porsgrunn.

Etter eksplosjonen i Sløvåg var sløkt, vart det ureina vatnet med restar av kjemikaliar samla opp i containarar. Desse er no køyrt over fjellet.

Ved Renor skal sløkkevatnet destruerast ved høg temperatur, slik at vatnet fordampar og dei kjemiske restane brenn opp.

Renor er ei spesialisert bedrift for å ta i mot farleg avfall. I dag er prøvar frå resten av tankane i Sløvåg på veg over fjellet til Porsgrunn.

— Me skal analysere prøvane for å sjå om me har konsesjon til å ta i mot restane i tankane til Vest Tank, seier Berntsen.

Han veit enno ikkje kor store mengder det er snakk om frå resten av tankane til Vest Tank.

Slokkevatnet frå desse containarane i Sløvåg, er sendt til Porsgrunn for destruering.
Vegar Valde