Forsikringsselskapet til Vest Tank har fått inn krav frå både naboar og nabobedrifter. Før sommaren låg krava på rundt 10 millionar, ifølgje Fredrik Messel i Protector Forsikring.

No er erstatningssummen opp mot dobla.

— Til saman er krava på mellom 15 og 20 millionar kroner, seier Messel.

Ikkje alle har kravd ein fastsett sum. Dermed kan krava bli endå høgre.

Maks ti

Seks nabobedrifter til tankanlegget har kravd rundt halvparten, mellom 5 og 10 millionar kroner. Resten er frå privatpersonar. Krava kjem særleg på grunn av sjukdom etter eksplosjonen i Sløvåg mai 2007.

Men før politiets etterforsking av Vest Tank-ulykka er ferdig, får ingen utbetalt pengar for tort, svie og økonomiske tap elles. Det er framleis usikkert når etterforskinga vil vere ferdig.

— Alle nye opplysningar som kjem gjennom etterforskinga, kan påverke vurderinga vår av kva som er vårt ansvar, seier Messel.

Problemet for dei som krev pengar, er at ansvarsforsikringa til Vest Tank er avgrensa til 10 millionar kroner. Dermed kan resultatet bli nye erstatningskrav til det tidlegare Vest Tank.

Nabobedrifta Wergeland-Halsvik er blant dei som har bedt om erstatning. Dagleg leiar Lars Hellandsjø seier han ikkje vil spekulere i kva som skjer om pengane uteblir.

Litt utbetalt

— Alle har lyst på noko. Spørsmålet er kven vi i så fall skal rette kravet mot, og kva våre eigne forsikringsselskap seier, meiner Hellandsjø.

Han reknar med at firmaet hans har tapt nokre millionar.

— Det er ikkje dei store summane, men det er surt om vi ikkje får dekka dei. Tapa kom på grunn av avbrot og forseinkingar, seier Hellandsjø.

Alle utbetalingane frå forsikringsselskapet har derimot ikkje venta på etterforskinga. Vest Tank hadde to forsikringar hos Protector Forsikring: Ei ansvarsforsikring ovanfor tredjepartar, og ei eigedelsforsikring. Den siste er det ikkje eit utgiftstak på.

— Ved ulykker blir det kostnader med ein gong. Vi har betalt ut ein del, men mykje gjenstår, seier Messel.

Elfenbeinskysten og Gulen

Søndag melde TV 2-nyhetene at det britiske advokatfirmaet Leigh Day & Co gjerne vil ha folk i Gulen med på eit massesøksmål mot oljehandelgiganten Trafigura.

Leigh Day representerer skadde og pårørande etter giftskandalen ved Elfenbeinskysten i 2006. Der døydde 15 personar og fleire titusen vart skadde etter å ha vassa i same type oljeavfall som vart produsert i Sløvåg.

I Gulen er responsen avventande, men ikkje avvisande.

— Vi ventar og ser. Leigh Day har kontakta oss, men førebels er det ingenting som brenn. Det kjem heile tida fram nye opplysningar, seier Jon Ivar Steine. Han er leiar i Eidsbotten vel. Flesteparten av naboane som har meldt erstatningskrav, er organiserte i velforeininga.

Trafigura-båtar

Til no har ikkje naboane engasjert advokat.

Både i Vest-Afrika og i Sløvåg var det båtar operert av Trafigura som frakta bensin og giftig, svært svovelhaldig oljeavfall.

Også Gjermund Halsvik, ein av dei aller næraste naboane til tankanlegget, vil ha betenkningstid på om han og andre i Gulen skal krevje erstatning frå Trafigura.

— Det må vi ta opp på fellesen. Det blir store kostnader knytt til det. Men eg vil ikkje utelukke det, seier Halsvik.

Han er ikkje blant dei som har kravd erstatning frå Vest Tank.

— Det viktigaste er å plassere ansvaret der det høyrer heime. Særleg dei som har fått alle desse tinga ut og inn til Sløvåg, seier Halsvik.

Bergens Tidende