Kjemiprofessor Jon Songstad ved Universitetet i Bergen (biletet) meiner dei veldige luktplagene i Gulen og Nordhordland kan skuldast at partiklar blei slynga opp i lufta då tanken eksploderte. Desse har no falle ned på bakken, og kan gje frå seg lukt i lang tid før dei blir brotne ned.

— Bedrifta har sagt at det var tiolar i stoffet i tanken som gjekk i lufta. Det er desse som lagar lukt. Spørsmålet blir då om eksplosjonen førte til brannen, eller om brannen førte til eksplosjonen. Dersom brannen kom først, ville tiolane brenne opp. Men dersom eksplosjonen skjedde først, ville tiolane bli slynga opp i lufta. Deretter har dei falle ned att på bakken, seier Songstad.

Prøver av terrenget

Tiolar er sett saman av svovel og hydrogen. Det er svovelen i tiolane som fører til luktplager. Kor helseskadeleg dette er, vil vere avhengig av kva type og kor store mengder tiolar som var i avfallet.

Professor Songstad meiner det må takast prøver av terrenget i området rundt Sløvåg. Før dette blir gjort må meteorologar analysere vindretning i tida etter eksplosjonen, for å vurdere kvar det er mest sannsynleg at det har kome nedfall.

— Då Vest Tank pumpa saltsyre inn i tanken, frigjorde dei tiolane. Ein eksplosjon ville føre desse opp i atmosfæren, seier Songstad.

Ein del av svovelpartiklane kan ha fare langt og spreidd seg med vinden. Men tiolane med høgt kokepunkt vil ha kondensert ned på bakken i nærområdet til tankanlegget.

— Dersom det har skjedd slik, vil folk kunne rekne med luktplager som kjem og går ganske lenge framover. Spesielt på varme dagar vil tiolane frigjere seg og kome ut i lufta.

Ein snek

Verneombod Finn Midtbø ved naboverksemda Halsvik Aggregates har kjent sneken:

— Om vi merkar noko, er avhengig av vindretning. Mange gonger har vi også lagt merke til at stanken ligg i lommar i terrenget.

Tidlegare har det frå Vest Tank si side blitt sagt at lukta ville forsvinne når området var tildekka og ferdig rydda. Det arbeidet skulle vere ferdig sist fredag.

— Det er teke mange prøver i området, utan at det er funne høge verdiar av farleg stoff verken i luft eller vatn. Kan vi ikkje stole på prøvene som seier at det ikkje er noko grunn til uro?

— Dersom partiklane har lagt seg på bakken, er det slett ikkje sikkert at dei vil kunne påvisast i særleg grad i prøver frå luft, seier Jon Songstad.

Industriavfall

Han har tidlegare vore sterkt kritisk til prosessen som var sett i gang då Vest Tank tilførte saltsyre til avfallet i tanken. Han er ikkje mindre kritisk etter å ha lese den førebelse rapporten om ulukka - ei som selskapet sjølv står bak.

— Rapporten er ufullstendig, og ikkje lett å lese. Men det er innlysande at Vest Tank ikkje kan ha vore klar over faremomenta.

Kjemiprofessoren stiller som mange andre også eit stort spørsmålsteikn ved kva det var i tanken som gjekk i lufta. Etter å ha studert rapporten konkluderer han med at det etter alle solemerke har vore industriavfall.

— Svært mykje tyder på at dette ikkje var avfall frå oljeindustrien i Nordsjøen, men menneskeskapt problemavfall.

Han undrar seg også over den førebelse konklusjonen om at ein gneiste frå skumming av kjemikaliar med vaskeeigenskapar, kan ha ført til eksplosjon.

— For meg er det nytt at det kan skje. Men dersom det er rett, og bedrifta kjende til det, er det rein galskap å setje i gang ein slik prosess som dei gjorde.