— Flatråkerelva er så godt som tørrlagt. Her var det kulpar med fin fisk før. Flatråkervatnet vert stundom så nedtappa at det er fare for fisken, og den kommunale badeplassen vert utskjemd. Andre gonger stig vatnet så mykje at det fløymer inn over ein skogsveg vi har, seier Marta Flatråker, som er ein av grunneigarane til vassdraget.

Skulda for dette legg Marta Flatråker på Sjøtroll AS, eit oppdrettsselskap som produserer smolt i eit landanlegg nede ved sjøen på Flatråker.

Deretter er det Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga som får gjennomgå for å ha tatt altfor lett på fylgjene for miljøet, slik Marta Flatråker ser det.

Røyr inn i vatnet

— Sjå kor stygt det er, seier Marta Flatråker til BTs utsende og syner nedover frå brua og dammen ved enden av Flatråkervatnet.

Der det før var ei klukkande elv med stryk og kulpar, ligg det to halvmetertjukke røyr som fører vatn frå Flatråkervatnet ned til smoltanlegget.

— Etter kontrakten hadde dei lov til å ta vatn berre frå elva. Men det gjekk ikkje lang tid før dei førde røyrene gjennom dammen og langt inn i vatnet. Og fylkesmannen let det skje.

Fleirtalet bryr seg ikkje

— Og no vil dei demma opp nordre utlaupet frå Flatråkervatnet og. Frå gammalt av har det vore bestemt at det nordre utlaupet ikkje skal rørast.

Marta Flatråker opplyser at ho får 35 000 kroner året i leige for sin tolvtepart av grunnen. Andre grunneigarar med fleire partar får større summar, og Marta Flatråker vedgår at fleirtalet av grunneigarane ikkje bryr seg med å protestera mot måten Sjøtroll AS utnyttar vassdraget på.

Ikkje på alvor

— Difor tar vi ikkje protestane frå Marta Flatråker heilt alvorleg heller, seier produksjonssjef Ole Jan Flatråker hjå Sjøtroll AS til Bergens Tidende.

— Dette med å leggje slangar frå elva inn i vatnet, sjølv om kontrakten berre nemner elva, det har vore prøvd juridisk, og det er det ingen ting å seia på, seier Flatråker.

Han vedgår at Flatråkervatnet vart tappa ned meir enn dei likte eit år med ekstrem turke, det var i 1997. Men han meiner dei no greier å bruka vatnet mykje meir effektivt enn før, slik at noko liknande ikkje skal henda att.

— Vi har søkt om løyve til å auke produksjonen av smolt frå 1 million til 2,5 millionar. Søknaden ligg no hjå NVE. Vi meiner at heller ikkje dette skal påverka vassbruken noko særleg, seier Ole Jan Flatråker.

Lettare å setja grenser

— Etter vår meining har det ingen negative fylgjer for miljøet i Flatråkervassdraget at vassrøyrene vert førde frå elva og inn i vatnet, seier Nina Skjegstad, som har handsama desse sakene for miljøvernavdelinga ved Fylkesmannen i Hordaland.

— No er det snakk om å demma opp litt også det nordlege utlaupet frå Flatråkervatnet. Det vil etter vår meining gjera det lettare å fastsetta grenser for nedtapping og oppfylling av vatnet. Då kan vi og lettare gripa inn dersom desse grensene vert overskridne, seier Nina Skjegstad, som for tida har permisjon frå stillinga hjå Fylkesmannen.

Flaum på bøen

— Med oppdemming av det nordre utlaupet, kan flaum i vatnet kanskje gå inn over ein del jordbruksland, men det vil berre skje i ekstreme periodar. Og slikt skal ein kunna regulera ved hjelp av luka i dammen, seier Nina Skjegstad.

Ho er usamd med påstanden frå Marta Flatråker om fin fisk i kulpane i Flatråkerelva før ho vart tørrlagt.

— Etter vår meining var det ikkje mogleg for verken laks eller sjøaure å koma oppover i elva, seier Nina Skjegstad.

NATURPERLE: Flatråkervassdraget på Tysnes er ei naturperle, sjølv om det kanskje ikkje syner så godt når sluddbygene piskar. Marta Flatråker meiner at store vassuttak og slapp haldning frå Fylkesmannen er med på å truga naturidyllen.
FOTO: JOHN LINDEBOTTEN