Klokka 03.30 natt til søndag fekk politiet melding om slåsting i Høyanger.

— Mannen slo til først til ei kvinne, og så hadde han slått til to andre kvinner som forsøkte å hindre dette, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Basketaket resulterte i at ei kvinne blei tatt hand om av helsepersonell før ho blei køyrt heim.

— Det er ikkje meldt om alvorlege skadar, seier Rimmen.

Saka vil bli etterforska vidare.